tirsdag 27. april 2010
Bursdagskort av ein "silkebånd-spole"
Eit bursdagskort treng ikkje vere firkanta og flatt....
Pynta med mønsterark, stempeltrykk, roser, tråd, charms og litt "bling"
søndag 25. april 2010
Vi fornyar kjøkkenstolane.
Kjøkkenstolane våre har vore i bruk mest kvar dag sidan dei kom i hus... Og med to gutar i familien, som var ganske små da stolane var nye, har det blitt mange, og mange slags, flekker på dei lyse stolputene.... Dei var med andre ord; heilt klare for nye trekk!
Var så heldig å finne akkurat den type, og farge, stoff eg hadde tenkt meg! På Herlighet. Ikkje var det dyrt heller - 149,- kr pr. m, og eg trengte ikkje meir enn 1,2m stoff.
Mi kjære mor kom med symaskin og stiftemaskin og hjalp til.
Medan mamma klipte og sydde, skrubba og vaska eg stolane - og smurte inn treverket med bivoks.
7 åringen måtte prøvesitte første stolen.
Slik vart stolane etter en "total makeover".
fredag 23. april 2010
fredag 9. april 2010
"Konkurranse-spel" for barnearbeid
I dag har eg laga eit nytt "konkurranse-spel" til å bruke i barnearbeid. Eg er med som leder på Yngstes (YA), og i kveld skal vi prøve dette spelet.
Måten vi gjer det på er som følger:
Medan vi har andakt, skriv ein av oss spørsmål frå det som blir fortalt.(Man skal sjølvsagt ha spørsmåla ferdig laga ;-) )
Desse bruker vi i konkurransen, og får dermed repetert kveldens Bibelfortelling på ein kjekk måte :-)
Eg laga eit Fotball spel. Kvar gong nokon svarer rett på spørsmåla, får dei velge ein fotball. Så er det sjølvsagt om å gjere å få mål!
To lag, og 12 skudd....
8 av fotballane går i mål :-) :
4 av fotballane bommar.... :-(
Resultatet kan bli f.eks. slik:
Måten vi gjer det på er som følger:
Medan vi har andakt, skriv ein av oss spørsmål frå det som blir fortalt.(Man skal sjølvsagt ha spørsmåla ferdig laga ;-) )
Desse bruker vi i konkurransen, og får dermed repetert kveldens Bibelfortelling på ein kjekk måte :-)
lørdag 27. mars 2010
guttekort
Med mange gutter i klassa, blir det en del bursdagsselskap...
Vi har laga guttekort igjen... Motivet fann vi på ei internettside med gratis fargeleggingsmotiv. 7åringen har farga motivet med ProMarkers, og eg har laga til kort av det. Pynta med litt band, stifter og 3 trykk-knapper.
A card made for a boy...
Vi har laga guttekort igjen... Motivet fann vi på ei internettside med gratis fargeleggingsmotiv. 7åringen har farga motivet med ProMarkers, og eg har laga til kort av det. Pynta med litt band, stifter og 3 trykk-knapper.
tirsdag 16. mars 2010
Lillebrors kort!
5 1/2 åringen er ferdig med kortet sitt! Det skal han sende til ei jente vi kjenner - derfor skulle det vere rosa og svart!
Han pynta det med ein stor splittbinders, og ei krone som mamma hjalp til å lage.
Og charms - Hello Kitty og stjerne.
Medan vi venter på våren....
Ute snør det. Det er igrunn den flottaste vinteren vi har hatt på lenge! Vakkert er det også. Men likevel lengtar vi etter vår og varme, blomar, og blad på trea... Får prøve å lage til litt vår inne da...
Eg har shoppa på nett. Grei måte å haldle på når bilen er nedsnøa, og vegane er glatte... Fann to nye nettbutikker. Kuttut.com, som sel billige charms. Og Joanna Sheen, ein hobbybutikk i England, som sender portofritt i heile verda! Og med priser langt under norske hobbybutikker...
Dårleg bilde, men du ser kanskje at dette er verktøy-splittbinderser! Stilig til guttekort.
Charms frå Kutt ut.
Eg fekk to 5-pakningar med promarkers i julegåve, og har kjøpt ein til frå Joanna Sheen butikken. (to pakkar + to til er på veg frå England i disse dager). No har eg komt i gang å farge med dei. Det er kjempe kjekt!
Dei er flotte å jobbe med. Du kan legge lag på lag. Og til og med legge lys farge oppå mørk farge. Her er eit motiv eg farga i går. Eg er nybegynner enda....
I går kveld fekk gutane prøve også. Begge likte det godt.
Denne har 7åringen farga.
Her er den 5 1/2 åringen farga. Den skal monterast på eit kort i dag.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
