torsdag 27. august 2009

Triveligere kvardag....

Kvardag..... Ja, dei har vi mange av.... Korleis gjere oppvasken litt kjekkare?
Da eg kom over denne oppvask-kosten i sommer, berre måtte eg kjøpe den. No står den og pynter opp på kjøkkenet mitt. Den er kjekk å vaske opp med, og ikkje berre det - den var god også!Eg har sett ein del som har hatt slike flotte oljeflasker til å ha zalo i. Eg kom over ei som var nedsett til kr.30,- Den måtte vere med meg heim!I hagen til huset vi skal flytte til, er det plommetre! Og vi fekk hauste inn forige veke. Eg kokte plommesylte, og den vart god! Ikkje farlig når man han gode ingredienser.Eit takkekort som søstra mi bestilte....Pynte med trykk-knapper...

søndag 23. august 2009

Nokre tilfeldige smakebiter av sommerens langtur...

Nokre glimt (i tillfeldig rekkefølge) frå turen vår; Sunnmøre - Flekkefjord tur-retur.










fredag 21. august 2009

Eit enkelt babykort...

Tusen takk til søstra mi for dette (og mange fleire) trykk. Rosa kort - ja, til ei ny lita jente. Dei rosa blomstrane er klistermerker. "Søt" er stempel.Eit Bibelvers-stempel.På baksida av kortet, ein liten signatur...

torsdag 20. august 2009

1. skuledag!

Onsdag var den store dagen for storeguten vår! Han vart 1.klassing! Ei ny tid begynte for oss, med vekkerklokke kvar morgon (utanom helga da...). Vi måtte ut i "bakhagen" og fotografere. Lillebror kom etter i nattdrakten... Skuleknagg med båt!
Friminuttet var kjekt! Spelte fotball, og var keeper! Han fann seg godt til rette. Det ser lovande ut!

mandag 17. august 2009

Gutane koser seg med hobby...

I nokre dager no har hobbysakene mine okkupert spisestuebordet... (huff, gler meg til eg får meg hobbyrom ein vakker dag...). I kveld ville gutane prøve litt. Mr.6 1/2år jobba litt med ferieboka si (lekse til første skuledag - han blir 1.klassing på onsdag!), og laga kort. Mr.4 1/2år tegna, klipte, stempla og farga Guttekort:


Skuleguten vår!
Under ein biltur for ca ei veke sidan, sat han og åt eple i baksetet. Plutselig var tanna vekke (den hadde vore laus ganske lenge...). Han må ha svelgt den, for vi fann den ikkje....