Viser innlegg med etiketten tips til barnearbeidere. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tips til barnearbeidere. Vis alle innlegg

fredag 9. april 2010

"Konkurranse-spel" for barnearbeid

I dag har eg laga eit nytt "konkurranse-spel" til å bruke i barnearbeid. Eg er med som leder på Yngstes (YA), og i kveld skal vi prøve dette spelet.
Måten vi gjer det på er som følger:
Medan vi har andakt, skriv ein av oss spørsmål frå det som blir fortalt.(Man skal sjølvsagt ha spørsmåla ferdig laga ;-) )
Desse bruker vi i konkurransen, og får dermed repetert kveldens Bibelfortelling på ein kjekk måte :-)Eg laga eit Fotball spel. Kvar gong nokon svarer rett på spørsmåla, får dei velge ein fotball. Så er det sjølvsagt om å gjere å få mål!To lag, og 12 skudd.... 8 av fotballane går i mål :-) :
4 av fotballane bommar.... :-( Resultatet kan bli f.eks. slik:
Eg hadde ikkje noko stor nok papp-plate å montere det på, så eg tapa fast dei 3 delane på eit lerret, som eg har tenkt å male på ein vakker dag...
Om nokon av dykk er med på barnearbeid, så er det fritt fram å stjele idèen. Ja, du skal sleppe å stjele den - du skal få den heilt gratis!