torsdag 28. mars 2013

Babyshower

I går kveld var eg ein av dei heldige som fekk delta på ein babyshower.
Det er andre gangen eg er med på dette.
Det var koselig.
Den gravide (som skal føde om ca 3 veker)
vart overraska, og glad.
 Eg og ei til av damene laga bleiekake.
Den er laga av
1pk nyfødt bleier
1pk bleier str. 2
masse gummistrikk
tre grillpinner
sløyfebånd
bamse (høne)
smikke
to smukker
vimpelrekke
Vimpelrekka laga eg ved å
skjere ut vimpler i kartong,
som eg stempla bokstavane på,
og farga rundt kanten med stempelputa,
og til slutt sydde eg dei fast på litt søyfebånd.
 Knytte vimpelrekka fast i båndet som var rundt kaka.
 Vi pakka kaka inn i celofan og bånd.
 Her er ein av smukkane vi festa på kaka.
Når babygutten kjem,
er det berre å sprette kaka :-)
 
Om du vil sjå gava eg gav til mor og barn,
kan du kikke HER

torsdag 14. mars 2013

Gutte kort og jente kort

Guttekort, laga med bilde frå ein
veteranbilkalender.
Detaljer er blanke, runde klistermerker på hjula
(det viser ikkje så godt på bildet)
og ei stjerne, som er ein splittbinders.
 Rosa jentekort.
Stempeltrykk i brunt.
Eg har farga kun håndveskene.
Bakgrunnen er eit kvitt ark, som eg farga med ei rosa stempelpute.
Anna pynt er bånd og washi tape.

mandag 11. mars 2013

Storebror's tegninger.

Gutane er veldig glade i å tegne.
Dei har sett ein del på Øisteins Blyant,
og har også ein del av tegnebøkene hans.
 Desse bilda har storebror tegna.
 På denne tegninga tegna han den røde streken først.
Og så alle detaljene i blått.
Mamma er imponer!

torsdag 7. mars 2013

Vil du vinne?

Bloggen en familie - en inntekt
holder give away
for Design by mARTe.
 Klikk på bilda
for å finne ut korleis du kan "få lodd"
så du får sjansen til å vinne!
Eller om du vil finne ut meir om desse bloggane!

tirsdag 5. mars 2013

Kondolanse kort

Av og til må man også lage kort for triste anledninger.
Eg har brukt eit bilde frå eit blad som motiv.
Og berre pynta med eit bånd og eit hjerte.
 Stempla denne blomsten inni,
og bakpå.

mandag 4. mars 2013

Lilla engel

Laga bursdagskort til ei flott jente
som fylte 10 år.
 
Blir med på utfordringa til Paprokkene med dette kortet.
 
Eg malte bakgrunnen med lilla akrylmaling.
Motivet er klipt ut,
og farga med ProMarkers.
 Blomsterane er stansa ut
og farga med ProMarkers + med lilla stempelpute ytterst på kantane.
Bånda var så prakiske, med lim bakpå, berre å feste på.
 Måtte ha ein liten engel inni kortet også.
 Og ein "halv engel" bakpå :-)

søndag 3. mars 2013

Bil kort

Bursdagskort til ein flott gutt
som fylte 10 år.
Eg har brukt eit bilde frå ein kalender
med tama veteranbiler.
Eg har stempla på bakgrunnen,
og har brukt samme stempel
til å lage ei ramme inni kortet
der helsinga skal stå.
 Anna pynt er bånd, stjerne splittbinders og stjerne-charms. 

fredag 1. mars 2013

Toffifee eske

Bursdags "kort" til ei god venninne.
Ei pynta Toffifee eske.