mandag 26. september 2011

Angry birds

Nevøen min har bursdag i dag. Gratulerer til han!
Han hadde gutte selskap i går, med tema: Angry Birds.
Mora og ei tante laga figurer til kaka av marsipan:
Kortet til bursdagsbarnet måtte da sjølvsagt vere eit Angry-Bird kort:
Mannen i huset var også invitert i bursdagsfeiring, seinare på kvelden - til ein som vart ca 30 år meir.... Sidan eg var så godt i gang med Angry Birds, vart det det temaet på kortet til han òg..
Medan gutane venta på at klokka skulle bli selskapstid, fekk dei farge kvar si tegning. Av, AngryBirds, så klart. Bilda fekk søskenbarnet saman med kort og gave.Til slutt litt om lillesøster. Da ho lærte å ete litt sjølv, begynte eg å gi ho puffa ris av og til. Ikkje så mykje mat i det, men det er gøy for ho å sitte og putte dei i munnen. Ho fann ut (heilt sjølv) at der var andre gøye ting man kan gjere med puffa ris også. Ho trykte hardt på dei, og skaut dei avgårde :-D

onsdag 7. september 2011

Kjempe flott giveaway

Hos Anetteshus.com
Klikk på bildet og ta en titt!

Har du mange (tusen) plommer

Her er ei oppskrift som er både enkel og god!

(Synes eg iallefall)


PLOMMEDRØM


til 6-8 personer



750 g plommer

60 g sukker



LOKK:

185 g hvelemel

1 ts bakepulver

60 g sukker

125 g smør, i terninger
1 egg


1 1/4 dl helmelk

Melis, til pynt (obs, det har eg visst gløymt når eg har laga denne...)



1. Forvarm ovnen til 180 C. Smør eit ildfast fat (2 l). Skjær plommene i fire og kast stinene (he, he. litt logisk kanskje - om du ikkje vil prøve å dyrke fram nye plommetre da...)


2. Ha plommene i ein kjele med sukker og 1ss vatn. Rør over svak varme i 5 min til sukkeret er oppløyst og frukta begynner å bli mjuk. Ha plommene i fatet. (Eg har hatt i litt maisenamel for å gjere det litt tjukkare, dersom plommene avgir mykje saft).


3. Sikt melet ned i ein bolle, tilsett sukker og rør. Gni smøret i med fingertuppane til det blir ei smulete masse. Bland egg og melk og pisk det glatt. Rør det inn i melblandinga.



4. Ha store skjeifuller av blandinga over plommene. Steikast i 30-40 min til deigen er gyllen og gjennomsteikt. Dryss med melis ved servering.


Eg har servert denne med vaniljeis, eller med vanilje krem.Til slutt ei nydelig rose som eg fann i hage. Den er lakse-rosa, og stor, og nydelig!