tirsdag 29. mars 2011

Farmor Petra si oppskrift på....

....Havrekjeks! Den finn du HER! Eg baka desse kjeksa i ettermiddag. Dei var veldig gode. Minte om scones på ein måte. Brukte denne antikke kakeutstikkeren. Passer vel det når oppskrifta er frå mi gamle farmor - ho var født i 1903, og hadde vore 108år i april om ho hadde levd i dag....Ferdige kjeks. Nydelige med brunost på, og ein kopp te til! Måtte ta eit bilde av ein av orkideane mine. Gleder meg til knoppane åpner seg! Som du kanskje ser i bakgrunnen på dette bildet, har vi snø utanfor.... Går her og lengter etter våren!
Ha ein god kveld :-)

søndag 27. mars 2011

4 ting - utfordring...

For ei tid tilbake vart eg utfordra på dette av Eie: 4 ting jeg har gjort i dag, 4 ting jeg har lyst på, 4 ting jeg liker dårlig, og 4 av mine blogg-venner, som får utfordringen fra meg. Må ha med eit litt vårleg bilde her. Denne kassa og fugelen står utanfor hovuddøra vår - no med snø rundt seg...

I dag har eg:


* Kokt graut av havremel, som lille jenta vår på snart 6mnd. åt.


* Vore på familiemøte


* Farga med ProMarkers


* Snakka engelsk med ekte engelskmenn


Eg har lyst på:


* VÅR og SOL og VARME


* Høner i fjøset


* Kortare veg til storesøster


* Enda fleire hyggelige samvær med familie og venner


Eg liker dårlig:


* Falske menneske


* mobbing


* barn som er frekke mot foreldra sine (og andre voksne)


* at det ikkje er bra å ete mykje sjokolade ;-)


Dei 4 som er raskast ute til å ta utfordringa får den!!!!

Whiff of joy Challenge # 100

I made this birthday card for my son to give his classmate who turned 8. The images are the castle and Knight Charlie from Whiff of Joy. They are coloured with Pro-Markers. With this card I join the Challenge #100

lørdag 19. mars 2011

Sukkersött's utfordring #117

Skisse og hjemmelaga blomster!
Sukkersött si utfordring # 117
Her er mitt bidrag - eit kort som ei som har fylt 40år skal få i kveld.
Blomstrene er heimelaga - to av papir, og ein hekla :-)Har brukt samme stempeltrykket inni... ...og bakpå...

mandag 14. mars 2011

rosa prinsessekort...

Ei herlig jente vart 4 år på søndag.
Vi var så heldige å få komme i selskap :-)
Prinsessekort til ei prinsesse.Pynta med litt blomster og bling... Sydde litt denne gongen.Kort og pakke klar.
Vårgrønn!

lørdag 12. mars 2011

#116 - Guttekort uten stempeltrykk!

Veka si utfordring hos Sukkersött er:
#116 - Guttekort uten stempeltrykk!
Her er mitt bidrag.
Eg har brukt eit bilde frå ein veteranbil kalender.
Pynten har eg vore "sparsom" med :-D
To trykknapper og ein metallpynt (frå Kuttut).... Og litt silkebånd...
Slik er kortet bakpå - før eg signerte det...

mandag 7. mars 2011

challenge

Fekk gjort ferdig eit kort i dag. Det er laga for å vere med på utfordringa til Sukkersött som lyder som så: Lag et kort med hjemmelaget tag!
Blir også med på "Less is more" si utfordring som er PASTEL COLOURS.
Tag'en er skjult bak bilen.... Eit burdagskort. Pynten er kun ein trykknapp og eit lite silkebånd :-)
A card made to join in on Sukkersött's and "Less is more"'s challenge.

søndag 6. mars 2011

8 åring i huset....

Vi har fått ein 8 åring i huset. Han feira bursdagen saman med ein god kompis, og klassekamerat. Dei inviterte med seg gutane frå klassa til Leikeland. Det vart ikkje så gale pris når vi delte på to. Og deilig å sleppe å styre til selskap heime. Ein gjeng energi-fylte gutar, og store klatrestativ - det går saman som fot i hose :-)

Her er bursdagskorter som den andre 8 åringen fekk frå vår 8 åring.
Bildet er frå ein veteranbil kalender. Det er ein Buick.....
Vi fekk ha med bursdagskake sjølv. Eg bakte muffins, med blå melisglasur og nonstop... Den andre mora hadde med sjokoladekake med seigemenn.
I dag prøvde eg ut ei ny oppskrift frå den store dessertboka - Plommedrøm.
Vi har ein del heil-fryste plommer i fryseren. Plukka i egen hage i fjor sommer...Alltid spennende å prøve nye oppskrifter.....
Denne vart GOD! Mmmmmmmm.....
Fann vaniljekrem i kjøleskapet som vi hadde til.
Eg åt nesten litt for mykje....

torsdag 3. mars 2011

jente bursdagskort

Koselig at 1.klassingen vart invitert i bursdagsselskap igjen. Enda ei sporty mor som inviterer heile klassa. Koselig å lage jentebursdagskort igjen.
Rosa, lilla og grønt.....
Motivet er fargelagt med Pro-markers.
Litt blonder og ein rosa knapp... That's it!