lørdag 27. august 2011

Dagens bursdagskort, og hønene våre :-)

Med to gutar som stadig blir invitert i gutteselskap, har det blitt mange guttekort etterkvart....
Her er dagens kort. Motivet farga med ProMarkers.... Hønene som vi bestilte har endelig komt. Det er så koselig med dyr i fjøsen!

Dei kjem frå Rovde. Dei er unge enda, og har ikkje begynt å legge egg. Så det blir spennende å finne første egget..... Lille Miriam synes det er spennende med hønene :-)

Eine høna har fått navn. Ho heiter Krølle, fordi ho har ein "krølla" fot. To av tærne som skulle peike framover, peiker bakover....

Når eggproduksjonen kjem skikkelig i gang, blir det kanskje litt salg av og til.... Og masse deilige karamellpuddinger, og anna godsaker med mykje egg i :-)

lørdag 20. august 2011

Kort på få minutt....

Klokka kvart over 11 kom vi heldigvis på at klokka 12 skulle 8 åringen i bursdagsselskap!
Og vi hadde ikkje ordna med verken gave eller kort... Godt at pappa'n hadde ein peng i lommeboka. Mamma (eg) tok nokre minutt ved hobby-pulten. Hadde eit kort som eg hadde så vidt begynt på som eg gjorde ferdig. Slik vart det: No er 8 åringen i selskap, i fin kvit skjorte, og med gave og kort :-)

Bildet er frå ein veteranbil-kalender, metall pynten er frå Kutt Ut.

tirsdag 16. august 2011

litt frå sommeren 2011

Søstra mi vart gift!
Og det var eit nydelig bryllup.
Eit vakkert brudepar. Brudekjolen hadde tanta vår sydd, og den var lekker!
Maten var god, og gjestane hadde det overmåte bra.
Og brud og brudgom lever lykkelig :) Eit par små glimt frå litt av sommerferien vår.
Vi reiste til Norefjell, det vi leigde ei leilighet i "landsbyen" til eit kjempestort, kjempeflott hotell. Dette er ein dårlig bilde tatt frå bilen i regn og tåke, men det viser litt av kor stort det var her. Fremst er "landsbyen", og bak hotellet. Det var visst 1900 sengeplasser her!

Dette bildet er lånt frå hotellet si heimside:Interiøret var kjempe stilig også. Bildet her er tatt frå 5. etasje, ned mot 4. der resepsjonen var. Har ser de litt av stilen. Legg merke til stolane til høgre med fototrykk på. Og i bakgrunnen den 16 meter høge klatreveggen (som både min mann og eg klatra til tops i! Det var gøy det!) Her er ein av desse flotte stolane, og ei nydelig lita jente ;)

Her kan du sjå meir av hotellet: http://www.norefjellsparesort.no/


På veg heim var vi innom Hunderfossen.

Det var kjekt!

Ein fin dag med mykje gøy :)