torsdag 13. oktober 2011

Aktiv Lillemor og aktive hønemødre

Lillemor utforsker stadig nye ting.
Ho har kikka og romstert i skuffer ei stund,
Men dette stuntet var nytt!
 Minste storebror sprang til hønsehuset i dag,
og kom heim med 7 egg (av 7 mulige).
Men tel vi eggeplommer er det nok 8!
Dette er 5 gongen vi får eit slikt "monster-egg",
tvilling-egg.
Egget i midten er eit normalt, stort egg.
Det til høgre er litt mindre.
Det til venstre er digert!!!

mandag 10. oktober 2011

kort + litt til

Ein av gutane vart invitert i tvilling-bursdag, bror og søster.
Hadde svært lita tid, og måtte få laga 2 kort...
Heldigvis hadde eg dette motivet ferdig fargelagt.
Så det gjekk ganske fort å få montert kortet.
Broren sitt kort vart med motiv som ikkje er fargelagt.
Tar med eit kose-bilde av 1åringen vår.
Ho er veldig go`, og deler ofte ut klemmer. 
Både til folk og bamser og dukker :-)
 Sidan innlegget om 1års feiringa var stort sett berre om mat,
tar eg også med dette bildet i dag.
Så ser de litt av bordpynten vi hadde :-)
Øsnker dokke ei god veke.
Håper vi får litt finere haustdagar framover enn den vi har i dag....

torsdag 6. oktober 2011

1 års feiring - mat prat....

Endelig skulle det stellast i stand til jenteselskap her i huset!
1 årsdagen er ein stor dag.
Så da måtte vi gjere litt ekstra.
Mandag kom to kjekke tanter på besøk, og eg og dei laga cakepops til selskapet.
Det skulle bli Hello Kitty cakepops.
Cakeballs var allerede laga, og i fryseren.
Først festa vi på ører, av marsmallow.
 Sløyfer, og neser, laga vi av farga marsipan.
 Kvit sjokolade vart hakka,
 Og smelta i kjøkkenglass (for å få dyppa heile cakeball'en) i vannbad.
Det er viktig at cakeball'ene er frossen når den dyppes.
Eit par av dei mista ørene når vi dyppa dei, men vi fann dei og fekk satt dei på plass.
 Når den kvite sjokoladen hadde fått stivna skikkelig,
malte vi på auge og værhår med smelta brun sjokolade.
 Resultatet!
Bursdagsbarnet sa "Å-å-å" og var svært begeistra.
Ho ville gjerne smake, men måtte vente til bursdagen, onsdag.
Da åt ho ein heil cakepop!
 Vi dyppa også cakeballs i brun sjokolade.
Nokre vart pynta med kakestrø, andre med kvit sjokolade.
 Mannen i huset fekk i oppgave å lage cakepops stativ.
Ei fjøl som han borra hol i.
Dei vart litt for tette, derfor måtte vi kutte på lengda på nokre av pinnane.
Skal få laga til eit litt finare ein anna dag....
 Finsk brownie-kake med Hello Kitty av marsipan.
Auga og værhår er laga av Kick lakris.
 Ei av tantene laga ein GIGA Diger Muffins!!!
 Kakebordet på bursdagen.
Med VerdensBeste i sjokoladekake variant (laga av ei anna tante),
Og karamellpudding, laga med egg frå hønene våre.
 Atter ei tante laga desse flotte muffinsane,
som har Hello Kitty sløyfer på.
 Her er dei andre cakeballs'ane.
 Ostekaka fekk den store æra av å vere "lys-kake".
Bursdagsbarnet var i godt humør heile ettermiddagen.
Og eg trur alle gjestane fekk i seg nok kaker ;-)

tirsdag 4. oktober 2011

Søndags spasertur

I dag er det vind og regn og hagl ute....
Kjekkast å vere inne.
Søndag var det mildt og stilt og sol.
Da var det kjekt å gå seg ein fjøretur.
På toppen av den STORE steinen.
Ein flott rustikk benk
 Håper hausten har fleire slike flotte dagar å by på!