lørdag 21. juli 2012

Nokre glimt frå sommerturen vår...

I år gjekk turen til Danmark.
Det er deilig å vere norsk i Danmark - skulla gjerne vore der lengre!
Vi kjørte til Oslo,
og reiste med StenaLine til Fredrikshavn.
På båten fekk Miriam møte Nysgjerrige Nils.
 Vi bodde i Ringkøbing.
Hotellet hadde svømmebasseng - noko som gutane var svært glade for.
Bassenget var 0,9m over alt - perfekt for 7 og 9 åringer.
Gutane bada, og bada, og bada, og bada...
Det var så vidt vi fekk dei med ut på andre opplevelser.

Legoland var eit av hovudmåla for turen.
Flott park!
Den var svært stor, og der var mykje å oppleve for både liten, større og stor.

 Vi kjørte ein tur til Hvide Sande og gjekk tur på stranda.
Vi plukka med oss mange finne, glatte steiner.
Turen vart avslutta med ein dag og ei overnatting på
Hotell The Reef i Fredrikshavn.
Der har dei eit fott badeland.
Det er laga til som ei Karibisk øy.
Der var mange store og små basseng, og ei kjempegøy vannsklie.
Hadde godt kunna vore der ein eller to dager til!
Kanskje reiser vi tilbake....

No håper og håper vi på litt sommer heime også.
Hadde ei overnatting i seilbåten i går.
Blir nok nokre til iløpet av sommer - sol eller ikkje sol...