Viser innlegg med etiketten bursdag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bursdag. Vis alle innlegg

torsdag 15. november 2012

Gutte kort, og minion kake - familieselskapet

Eit bursdagskort til ein gut
som fylte 9 år.
 Brukte ein tag frå eit klesplagg vi hadde kjøpt.
Sidan eg ikkje hadde maling,
malte eg over skrifta med tippex...
Motivet er stempla på akvarellark, farga med akvarell blyant,
og mala over med vann.
Pynta med stjerne-splittbinderser.
 Innsida av kortet, over.
Og baksida, under her.
 Søndag hadde vi familieselskap for 8åringen vår.
Brukte dei minion'ene som overlevde gutteselskapet
til å pynte brownie kaka med.
Ellers serverte vi plommedrøm med is,
karamellpudding,
Ritz-valnøtt kake,
og mannens spesialitet: kake med vaniljekrem, bær og gele.

fredag 9. november 2012

Guttebursdag med tema; Minions

Minste guten vår fylte 8 år no i november.
For ei god stund sidan fann han ut at tema for bursdagskaka og selskapet skulle vere Minions.
Disse søte skapningene er frå filmen "Grusomme meg",
som ikkje er ein grusom film :-)
 Eg laga 8 Minions av marsipan.
 Ein heilt vanleg marsipanrull frå Rema 1000.
Brukte vanlig matfarge, vel, den kom faktisk frå Florida...
Gave frå mor til svigerinna mi ;-)
 Augene laga eg ikkje.
Dei er av plastikk, og kjøpt i Danmark i sommer.
Minion'ane fekk litt meir "liv" av desse auga.
 Det var gøy å gi dei litt personlighet
med ansiktsuttrykk og hårsveis og korleis dei held hendene.
 Laga også ei lita marsipankake til minion'ene.
Og så var det den store kaka da.
Sidan eg brukte så mykje tid på pynten,
brukte eg ein kakemix til kaka.
Laga ei stor skuffekake, og skar ut siluetten til Gru.
Han er hovedpersonen i filmen, Grusomme meg.
 Fekk snudd kaka, og plassert den på ei plate dekt med aluminiums folie.
 Bursdagsguten ønskte seg vanlig melisglasur.
Ikkje den enkleste å få fin, for man kan ikkje jobbe for lenge med den...
men resultatet vart ok -
 Hadde ikkje før fått ferdig kaka, så vart den invadert av små gule skapninger...
Når vi serverte, hadde vi på ei isfontene.
Kaka falt i smak.
Fleire av gutane ville ete ein minion.
Eg rakk ikkje å advare dei om auga i tide,
så ein av gutane, og lillejenta vår, åt ei eller to plastikkauge....
....men det går vel bra.
 Andre minionseffekter i selskaper var:
*Kor som sang bursdagssang først i selskapet: http://www.youtube.com/watch?v=wCkerYMffMo
*Minions jakt i hagen (eg hadde printa ut små minionsbilder og teipa dei fast ute. Gutane hadde med seg lommelykter, og vart delt inn i tre lag. Så var det om å gjere å finne flest.)
*Til slutt såg dei kortfilmane om minion'ane, medan dei åt snop.
Ein kjekk og vellykka bursdag :-)

onsdag 10. oktober 2012

2års feiring.

Jenta vår har blitt 2 år.
Det har blitt feira,
først med pizza på bursdagen.
Pizza med lys på!
Så med familieselskap.
Vi pynta med rosa roser, og rosa ballonger.
Og laga bursdagskaker med ugler på.
Ei sjokolade-ugle-kake,
og ei oste-ugle-kake.

Hadde litt anna også på kakebordet.
Bær-gele-vaniljekrem-kake, laga av min mann,
Karamellpudding,
sjokolademouse,
gele,
"rusk" (dessert med bruna havregryn, frukt og krem).
 Ei av gavene var heimelaga.
HelloKitty hue,
hekla av mormor! 
 Her åpnes pakker!
Bursdagsbarnet,
omkransa av søskenbarn. 
På laurdag skal vi ha jenteselskap.
Da kjem 5 småjenter, og ein lillebror, og 5 mødre.
Det gleder vi oss til!

torsdag 8. mars 2012

Bursdagskaka til Storebror's 9 års dag

Allerede i november, da lillebror feira 7års dag, sa storebror at han ville ha onkel Skrues pengebinge som bursdagskake.
Vi er så heldige i år at lillebroren min med kone bor i nærheten.
Tante Anne kom og hjalp meg å lage kake.
Ho er kunstneren bak Skrue, og kr-skiltet, og advarsel-skilta.
Resten er eit samareid.
 Bingen er laga av Finsk sjokoladekake - ei brownie-kake.
Kledd med eit lag smørkrem, og marsipan.
Alle detaljer er av marsipan (eller papir :-) )
 Tante Anne var flink å lage svart av grønn, blå, rød og gul farge!
 Daudbilbakken er ei sjokoladekake steikt i randform.
Midt inne i den stod det eit glass fylt med gullpenger ;-)
Glasset hjalp å holde bingen, som var ganske tung.
 Daudbilbakken er dekt med smørkrem og farga sukker.
Advarsel-skilt hører med.
Heldigvis skremte det ikkje gjestane frå å ete kake.
 3. klasse gutane beundra kaka. Fleire ville gjerne ete onkel Skrue, men han måtte få sitte på pengebingen sin til den blir heilt oppspist.
Det blir nok bursdagbarnet som får æren av å ete den...
Vi kunne ikkje ha 9 lys på Skrue-kaka.
Så dei satte vi på isen :-)
Vi serverte også skumkake i muffinsformer, og barna fekk lage seg fruktspyd.
Mannen min laga ei nydelig bær-gele-vaniljekrem-kake.

torsdag 6. oktober 2011

1 års feiring - mat prat....

Endelig skulle det stellast i stand til jenteselskap her i huset!
1 årsdagen er ein stor dag.
Så da måtte vi gjere litt ekstra.
Mandag kom to kjekke tanter på besøk, og eg og dei laga cakepops til selskapet.
Det skulle bli Hello Kitty cakepops.
Cakeballs var allerede laga, og i fryseren.
Først festa vi på ører, av marsmallow.
 Sløyfer, og neser, laga vi av farga marsipan.
 Kvit sjokolade vart hakka,
 Og smelta i kjøkkenglass (for å få dyppa heile cakeball'en) i vannbad.
Det er viktig at cakeball'ene er frossen når den dyppes.
Eit par av dei mista ørene når vi dyppa dei, men vi fann dei og fekk satt dei på plass.
 Når den kvite sjokoladen hadde fått stivna skikkelig,
malte vi på auge og værhår med smelta brun sjokolade.
 Resultatet!
Bursdagsbarnet sa "Å-å-å" og var svært begeistra.
Ho ville gjerne smake, men måtte vente til bursdagen, onsdag.
Da åt ho ein heil cakepop!
 Vi dyppa også cakeballs i brun sjokolade.
Nokre vart pynta med kakestrø, andre med kvit sjokolade.
 Mannen i huset fekk i oppgave å lage cakepops stativ.
Ei fjøl som han borra hol i.
Dei vart litt for tette, derfor måtte vi kutte på lengda på nokre av pinnane.
Skal få laga til eit litt finare ein anna dag....
 Finsk brownie-kake med Hello Kitty av marsipan.
Auga og værhår er laga av Kick lakris.
 Ei av tantene laga ein GIGA Diger Muffins!!!
 Kakebordet på bursdagen.
Med VerdensBeste i sjokoladekake variant (laga av ei anna tante),
Og karamellpudding, laga med egg frå hønene våre.
 Atter ei tante laga desse flotte muffinsane,
som har Hello Kitty sløyfer på.
 Her er dei andre cakeballs'ane.
 Ostekaka fekk den store æra av å vere "lys-kake".
Bursdagsbarnet var i godt humør heile ettermiddagen.
Og eg trur alle gjestane fekk i seg nok kaker ;-)

søndag 21. november 2010

"lillebror" som har blitt "storebror" har fylt 6 år

1 klassingen vår har hatt bursdag og fylt 6 år. Prøvde å lage ei kake som var noko anna enn rund og flat i år også... Tok ein enkel variant i år. Ein båt. Er det ein suplybåt, ei frakteskute eller...?
Gutane var ivrige til å pynte med godterier.

Litt anna godt må man også servere. Litt frukt blandt alt det søte er bra...
Eg laga Coconutt-balls. Det har eg ikkje laga sidan 1990 tallet! Oppskrift eg skreiv av frå kokeboka til Bibelskulen eg gjekk på i England. NAM!!!
Til slutt eit kort eg laga til ein av mange gutteselskap gutane har vore i i år...

søndag 7. mars 2010

Gutte selskap og familieselskap...

Ja, no har vi feira to dager til ende. Store guten vår er 7 år i dag! Det har vore 7 spennende og kjekke år! Ein stor og flott gut er han.
I går var det 13 gutar til bords. Da var her liv og røre.
Det vart litt fotball-tema. På invitasjonane stempla vi fotballspeler og fotball. Og muffinsane vart som de ser her:Ei kake med lys måtte vi også ha. Eg laga ein sjablong med fotballmønster. Dryste først melis over kaka, og så brukte eg o'boy pulver til å lage mønsteret med. Det som ikkje var så lurt, var at når bursdagsbarnet blåste ut lysa, fauk det ei sky av melis og o'boy pulver rundt kaka..... ha ha ha
Pappa'n lagde ei nydelig kake med bringebær og gele!
Kameraet vårt gjekk akkurat tomt for strøm, og vi finn ikkje laderen... så det vart berre desse bilda tatt med mobil....
I dag har vi hatt 28 til bords på familieselskapet. Vi serverte Tysk ostesuppe og nybakte grove rundstykker, og pølse med brød... Kaker, fruktsalat, muffins, is.....
Det var mange gaver med lego. Og det er heilt topp!


tirsdag 30. juni 2009

Bilder frå ein herlig sommerdag!

...som tilfeldigvis også er min bursdag (så er det sagt ;-) )
Her er eg - bursdagsbarnet - med strandveska pakka...

Photoes from a beautiful summerday - which happens to be my birthday ;-)
This is me, with my beach-bag packed...
Vi er så heldige at vi bor i gåavstand frå denne flotte stranda (men vi kjørte likevel..)

Lucky us, living so near this beach that we can walk to it from our house (But we drowe...).Mine kjære sønner :-)

My dear boys :-)Vi koste oss med ein "bedre?" lunsj, med brus - sidan det var bursdagsfeiring.

We had a very nice picnic!Sunt og godt...

Healthy and tasty.... Gutane bada og koste seg. Mamma tok bilder og solte seg...

The boys had a good time swimming. Mum took photos and enjoyed the sun...
Hopp! Jump!
Dei sei det kjem fleire slike dager!
They say there are more warm days to come!