tirsdag 28. juni 2011

"å du som metter liten fugl..."

Dette er sitroncupcakes med lakrisfluff - måtte prøve denne oppskrifta sidan det var lakris i den... Sitroncupcakes var kjempegodt!!! Fluffen var god - litt spesiell, ja :-) Det har vore fleire "må prøve" oppskrifter. Eg har oppdaga det dei kallar cakeballs, eller cakepops. Eg og svigerinna mi laga ein variant cakeballs (utan pinne...) av skojoladekake og melis/kakao glasur, dyppa i sjokolade. Har ikkje bilde av dei. Dei var kjempegode!
Ville prøve ein lys variant. Denne gongen brukte eg ein muffinsmix, philadelfia topping (den som blir brukt på gulrotkaker), dyppa i sjokolade og kakepynt.

Sette dei i muffinsformer (kjøpt på IKEA). Ser er skulla strødd kakepynten under.... Dei er finast ovanfrå....

Her er ein liten stakkar som kræsja med vinduet på terassen vår. Han var ganske omtåka ei stund, noko som gutane benytta seg av. Ikkje kvar dag man får nærkontakt med ein liten fugel.


søndag 26. juni 2011

Dagens guttekort :-)

Guttebursdagsselskap!

Ein som er glad i å spele fotball.

Eg har stempla genseren, shortsen og hatten på farga papir, klipt dei ut, og limt dei på motivet. Så det er berre hendene, ansiktet og skoa som er farga med ProMarkers.Har brukt samme stjernestempelet inni kortet....

søndag 19. juni 2011

Eg har SYDD!!!

Ein forkle-kjole til lille jenta.
Den er sydd av ei for stor skjorte, og fora med stoffet frå ei lys og lett sommerbukse som eg nesten ikkje har brukt....
Eg vrangsydde den, og det gjekk svært bra ;-)
Dette var kjempegøy!
Blir nok gjort fleire forsøk på å sy barneklede!
Har kjøpt eit Ottobre blad med mange fine mønster - må berre få tak i fine stoff...Lillejenta måtte opp å stå for å vise forkle-kjolen bake.

tirsdag 14. juni 2011

"pose-kort"

Har laga eit "pose-kort".
Det var veldig kjekt.
Vil vere med på Sukkersött si utfordring #128 - tenk rosa,
Og Stamp Something si utfordring; "Something Punched"
med dette kortet.

Motivet er frå Magnolia, og er farga med ProMarkers.
På andre sida av posen har er brukt bokstaver laga med QuicKutz til å skrive navnet til mottakeren.
Inne i Posen er det kort med helsing, og med Bibelvers på.
Tar også med eit guttkort eg laga for litt sidan.