lørdag 29. mai 2010

Har laga kort.....

Kom i gang med kortlaging her om dagen - det har blitt 7 så langt. Kan ikkje vise alle i dag, for nokre av dei må leverast først...
Her er eit veldig enkelt kort. Motivet hadde eg allerede malt med distress, så det gjekk fort å lage. Kortet har ingen mottaker pr. i dag. Skal ha det på lur.
Enda eit kort som eg skal ha på lur... Motivet er printa ut, funnet på ei nettside med gratis fargeleggingsbilder. Eg har farga det med ProMarkers. Hadde ikkje blomster i heilt matchende farger - men da berre farga eg dei også, med ProMarkers! Mønsteret i bakgrunn er stempla med waterMark, og farga med chalks.
Guten til eit vennepar av oss skal konfirmerast i morga. Her er kortet han skal få. Farga motivet med chalks. Teksten er rub-on.
Eit anna vennepar har fått ein nydelig liten gut. Her er kortet til dei. Motivet er malt med distress ink.
Innsida:
Signaturn bakpå:

lørdag 15. mai 2010

Herlige maidager - da nytes isen!

Torsdag var heile familien på tur med seilbåten - første familieturen i år. I vinter har båten fått baug-propell, og ny motor. Motoren fungerer bra, og bråker mindre enn den gamle. Turen gjekk til Ålesund, der vi kjøpte oss båtis!
Herlig med flotte mai-dager, med sol, sjø og is!
Etter turen var 7åringen i bursdagsselskap. Vi hadde 15min på oss til å pakke inn pakke og lage kort. Heldigvis hadde 5 1/2 åringen og eg farga nokre motiv tidligere, med proMarkers. Så det var berre å montere det på eit kort. Det vart eit enkelt kort utan mykje dill-dall...
Motivet er printa ut - funne på ei side med gratis fageleggingsbilder for barn.

lørdag 1. mai 2010

Opp-pussa lysestake, lopper og barnas kunst

For ei stund sidan fann eg ein trearma lysestake på ein bruktbutikk. Den hadde ei flott form, men var kvit med gull detaljer på - noko som ikkje passa heilt inn hos oss... Men slikt kan man gjere noko med :-)Eg kjøpte ein ny svart, matt malings-spray, og spraya i vei. Vart kjempe fornøgd med resultatet!
(Veggen bak er eg ikkje så fornøgd med da..... håper å bytte ut fiskebeina med noko anna ein vakker dag.....) Sist fredag var eg innom eit loppemarked. Hadde med meg 5 1/2 åringen. Det var stapp-fullt med folk, og ikkje så lett å sjå kva som var på borda... Så vi kjøpte ikkje så mykje. 21 Donaldblad, 3 bøker og så denne da:
Og ein skjønn fugl, som egentlig er ein dørstopper...
Barnas Super Mario, og Sonic, kunst. Dette har pryda kjøleskapet vårt ei tid. I dag vart det flytta til ei teiknebok....