lørdag 17. juli 2010

Kort sjakk....

Bursdagskort til ein skjønn gut som vart 3 år for litt sidan. Han er ein gut med fart i, og dette motivet passa perfekt til han.... Motivet er Mo's digital pencil. Har farga det med promarkers. Vart berre litt splittbindersverktøy til pynt, hadde ikkje så god tid da eg laga til kortet...For eit par veker sidan var gutane og eg på besøk hos søstra mi og familien. Ein kveld, etter leggetid, lærte 8 åringen deira 7 åringen vår å spele sjakk. Vi fann brikker i kjelleren da vi kom heim, og teikna opp brett på ein ark....Storebror prøvde å lære lillebror å spele.... Trur ikkje han fekk med seg alt... Men vi får prøve igjen. Dette er eit flott spel! Mykje bedre enn å sitte å glo i ein skjerm....

onsdag 14. juli 2010

Kort/Cards

Bursdagskort til min kjære pappa. Bildet er frå ein kalender med veteranbiler.Innsida av kortet.Baksida. Kort til ei nabodame.
Eit jentekort.

torsdag 8. juli 2010

litt forskjellig

Dette kortet vart laga på bestilling, og er eit kondolansekort. Ein av lampefotane som eg fann på loftet her. Den var i blank messing. Etter ein omgang med malingssprayen vart den slik:
Lampeskjermen satt ikkje rett på, men trur det kan ordnast... Dersom ikkje får den få ein annan skjerm....Har du/dere prøvd dette? 2 eller 3 teikner. Førstemann tegner hovudet, og bretter bak, slik at nestemann ikkje ser kva som er tegna. Nestemann tegner kropp, og bretter bak. Sistemann tegner føter. Så åpner mann opp og ser korleis det vart.Dette holdt vi på med når vi var små, og gutane mine liker det også :-) Ønsker dokke alle ein god sommer videre.
Håper på varmere vêr!!!!