mandag 30. november 2009

pakke 1, pakke 2, pakke 3, pakke 4.....

Er akkurat ferdig med å pakke inn (i aluminiumsfolie...) 2x24 smågodt, og hengt opp to remser med pakker i vinduet ved kjøkkenbordet.
Gutane er heilt klare for 1. pakke i morga.
Kjøpte eit stolt reinsdyr på Bohus forleden dag. Gutane lånte fotoapparatet, og reinsdyret, og knipsa bilder...:
Med blitz;
Utan blitz;
Ønsker dykk alle ei flott adventstid!

lørdag 28. november 2009

adventslys og juledekorasjon

Koselig å lage til adventsstaken i dag! Tok eit avlangt glassfat, pakka det inn i aluminiumsfolie, danderte mose på det, satte på plass 4 kvite lys med fine tall på (takk mamma!), til slutt kom nokre lerke-kongler og raude perler på.... (På første bildet hadde ikkje dei raude perlene komt på plass...)I morga skal vi tenne 1. lys!

No tenner vi det først lys
Åleine må det stå
Vi venter på det vesle barn
I krybba, lagt på strå. I går var det nest sist samling på Yngstes. (Siste samling er ei stor felles samling for alle tre gruppene, med foreldre, besteforeldre....). Barna fekk lage kvar sin juledekorasjon - i ein maisboks. Dei var så flinke! Dei fekk utdelt grønt, greiner, kongler, sopp, bær, sløyfe, og så laga dei til "skilt" med teksten; OSS ER EIN EVIG FRELSER FØDT.
Denne dekorasjonen laga 6 1/2 åringen min!

lørdag 21. november 2009

Prosjekt og små glimt frå heimen

Årets heimelaga-julegåver er strikka i år. Små og snertne prosjekt ;-)
Eit anna prosjekt: Vi kjøpte desse to lampene på ein bruktbutikk, og skal lage ei lampe av dei. Den messingfarga lampa har blitt spraya svart, det vart vakkert. Skal legge ut bilder når prosjektet er heilt ferdig - følg med, følg med...
Eit glimt av eine veggen i hallen i kjelleren. Den er flott. No står det eit gammalt, kvitt (og falskt) piano ved veggen og pynter opp. Bildet av det kjem etterkvart....
På allroom'et har vi eit lite vindu oppe på eine veggen. Vi hadde ikkje bodd her mange dager før 5åringen satt i vinduskarmen. Tanta, som bodde her som lita, sa at ho hadde aldri sett ein unge i det vinduet før.... Eg sa at om eg hadde vokse opp her, så hadde eg også heilt sikkert klatra opp der (Pappa trudde det han også).
Det var nokre mini-små glimt frå huset vi bor i no....

torsdag 19. november 2009

Enda eit kort laga av 5 åringen :-)

Kul motorsykkel, som 5 åringen fekk i bursdagsgave.
Han laga enda eit kort i kveld. Det er til ho som var barnevakt for oss der vi bodde før. Ho har også bursdag på laurdag.
Panduro stempel av gutt med fotball. Fugelen husker eg ikkje kven som har produsert... eit QK hjerte, ein liten blomst og to eyelets med splittbinderser i midten.
Og signatur bakpå.

5 åringen lager kort!

I formiddag, medan storebror var på skulen, koste 5 åringen og mamma seg med å lage kort. Han malte først nokre motiv med disstress refill-ink. Slik vart motiva.
Han valgte svart kartong, og to av motiva.
Pynta med eit par splittbinderser, og tre "shiny" stjerner.
Bakpå kortet måtte signaturen stå :-)
my 5 year old boy made a beautiful card today. It's for his friend who is 4 on saturday. He painted the images using the refill-disstress ink. And he signed the card.

onsdag 18. november 2009

Kort og kaker...

1.klassingen har vore i det eine selskapet etter det andre i det siste. Og mamma har prøvd å lage kort... Her er eit av dei. Eit kort, ein pengelapp og noko snoperier til K..... Og så har vi no hatt bursdagsfeiring her i huset også. Det vart ei veke på etterskudd, fordi storebror hadde vannkopper.... Barneselskap laurdag, og familieselskap søndag. Og.... natt til mandag oppdaga vi at 5åringen hadde begynt å få vannkopper han også. Godt han rakk å ha selskap først!
Han bestilte togkake. Det vart eit lokomotiv med 3 vogner. 1.vogn vart ete i barneselskapet. 2. og 3. vogn, og litt av lokomotivet, forsvann i familieselskapet...
Kaka med bær og gele laga pappa'n i huset! Kjekt med ein pappa som baker kaker!
Eg laga skumkake for første gong. Den vart søt og god.

lørdag 14. november 2009

Kort / eske

Har laget ein del gutte-bursdagskort i det siste.Her er eit av dei:
Stempela eg har brukt er frå Panduro. Eg har malt dei med disstress. Her er eit lite glimt av farsdags kortet min pappa fekk. Trudde eg hadde tatt fleire bilder... men da må dei ha blitt borte... Har farga stempelet med gutanes tursjer. Det skal forestille ein som dyrker poteter, for det har pappa gjort ;-) Kortet er egentlig ei lita eske, laga av ein sirkel.
Two of the cards I have made lately.