søndag 17. november 2013

It's a rainy day... og sydd papirjuletre

Inspirert av regnet ute,
laga eg dette kortet i går.
Var så heldig å bli invitert i ein 30års dag.
 Farga rundt kantane med sølvstempelpute.
Motivet farga eg med fargeblyanter.
Limte på nokre "diamanter" til regndråper.
Og stempla samme motivet på baksida i sølv.
 Fann idè til dette enkle juletreet på nettet.
Eg sydde sammen 4 papirark,
klipte det trekanta, og bretta ut.
Enkelt og fint.

tirsdag 29. oktober 2013

guttebursdag i dag

Greit å lage kort med bilde frå
Veteranbil kalender.
Bokstavene er klistermerker.
Stjerna er stempla, klipt ut og pynta med ein splittbinders.
 Han som skal gi pakken har teikna inni :-D
 Pakke og kort er klart
Snart blir det guttebursdag!

lørdag 5. oktober 2013

Eit superenkelt kort - og ei vimpelrekke

Skulle sende avgårde ei bestilling - ei vimpelrekke i dag.
Den vart sendt direkte til mottaker av gava,
så da laga eg eit kort der eg skreiv kven gava var frå inni.
 Heilt enkelt, lilla kort
med ugle og tre.
 Og ei lita ugle bakpå.
 I samme fargane som vimpelrekka -
lilla og kvitt.

mandag 23. september 2013

laga bursdagskort til søskenbarnet

Snart 3 år,
og laga kort til Isak, søskenbarnet.
Litt samarbeid med mamma....
 Isak hadde Noa's ark som tema på selskapet.
Eg hadde Noa's ark klistermerker liggende.
 Så da vart det Noa's ark bursdagskort.

tirsdag 20. august 2013

Vimpelrekker og kort, i blått og i rosa

Fekk invitasjon til eit etterlag
tidlig i går.
Ville gjerne ha med ei lita gave.
Så da vart dagen brukt til å sy
vimpelrekke.
 Denne gangen vart det
uten navn.
For tida var for knapp...
 Laga eit kort som skulle
"matche" stoffa eg sydde av.
Brukte teknikken paperpiecing.
 Stempla eit Bibelvers inne i kortet.
 Dattra mi var i prinsesse selskap
for litt sidan.
Eg sydde vimpelrekke med navn til bursdagsbarnet.
Rosa, med sølvbokstaver.
 Og eit kort med prinsesse på...
Og litt "bling-bling"

onsdag 26. juni 2013

Kort til stor gutt, og kort til liten gutt

10 åringen vår var invitert i
10 års selskap.
Eg brukte bilder frå ein
veteranbil kalender som motiv.
 Eit lite bilde inni kortet også.
 Har sydd ei lita guttebukse
til ein liten prins.
Og da må vi no ha eit kort å gi sammen med gaven.
 Eit ganske enkelt kort.
Motivet er stempla, og farga med ProMarkers.
Stempla samme motivet inni kortet også.

tirsdag 25. juni 2013

Kort til babygutt

På dette kortet er hovedmotivet
klippa ut frå samme papir
som eg pakka inn gaven i.
 Pynt ellers er ein blå pappbit,
eit tekststempeltrykk
og ei splittbinders stjerne.
 Inni kortet limte eg lys kartong til å skrive helsinga på.
Stempla ei stjerne,
og to babyhåndavtrykk.
made by
mARTe

torsdag 13. juni 2013

Eg har sydd!

Eg har sydd skjørt til
to nydelige jenter.
 Dei var så flinke til
å vere modeller.
Vil du sjå fleire bilder?
Gå til:

søndag 12. mai 2013

Bursdags boks nr.2

Det er ikkje berre barna som blir invitert i bursdagsselskap.
Av og til får mamma også ein invitasjon.
Kjempekoselig å vere i damelag!
Pynta denne valnøttboksen
og fylte den med risbrød.
Dette var "bursdagskortet".
 Hadde eit bånd rundt kanten nede.
Limte på to stempeltykk.
Det eine er farga med akvartellblyanter.
Den andre fekk nokre "bling bling" til ekstra pynt.
 Brukte samme stempelet på lokket,
men da uten teksten.
Her kom det også på nokre
"bling bling"

torsdag 9. mai 2013

Bursdags boks

Sønnen min skulle i bursdagsselskap,
og vi måtte få ordna ei gave.
Denne gongen pynta eg ein valnøttboks
som vi fylte med smågodt.
Og så festa vi litt penger på lokket også.
 Ein røff gutteboks.
Svart og kvitt, og blått.
Med navnet til bursdagsbarnet.
 Og eit par auge,
til å skremme vekk søsken
som skulle ha lyst til å smake uten lov ;-)
 
 Klar beskjed på lokket.

lørdag 27. april 2013

Konfirmasjonskort

Det er konfirmasjonstider.
Eg laga tre like kort,
til tre ulike unge menn,
som alle er konfirmanter.
 Motorsykkelkjøreren, som egentlig burde ha på seg hjelm
for å vere eit godt eksempel til den oppvoksende slekt :-)
 
Greit med litt "samlebands produksjon" av og til.

fredag 26. april 2013

Blått kort, rosa kort

Enda eit busdagskort til "ein i klassa".
Av og til kjem desse bursdagane som perler på ei snor.
Da blir det gjerne eit enkelt kort, som kan lages uten å bruke timer...
 Eit kult motorsykkel motiv.
Stempla rett på mønsterpapiret som er bakgrunn.
Ein S, som er forbokstaven til bursdagsbarnet,
og ei splittbinders-stjerne.
Samme mønsterarket inni kortet.
Trur det er eit kart over London.
 Koselig å lage rosa jentekort også.
Motivet vart desse barna i regnet,
for på bursdagen regna det ganske mykje.
Men med friske farger vart det vårlig likevel.
Stempela eg har brukt fekk eg frå søstra mi
som har kjøpt dei i Usa.
Håper vi får ein flott vår,
uten altfor mykje regnver!

torsdag 4. april 2013

After eight, for a 80 year old

Min kjære tante
fylte 80 år denne veka.
Eg laga denne After Eight boksen til ho.
 Pynta med blomster og perler,
og eit stempeltrykk, bånd og ein splittbinders.

 Under lokket var eit lite kort
med helsinga på.
Deltar på Papirdokkene si
utfordring # 46 - April