Viser innlegg med etiketten Eske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Eske. Vis alle innlegg

lørdag 29. mars 2014

Bilderas av aftereightboks

Ei tid tilbake
fekk eg bestilling på
ein aftereightboks
som skulle vere takkekort til ein mann.
Valget av design vart - brunt som hovedfarge,
og tema - bil.
Bilda er frå ein
veteranbil kalender.
Ellers har eg brukt
washitape, stjerner som er stempla og klipt ut,
og metallknapper.
Lagde eit kort til å skrive helsing på
i samme stil.
Her er kortet i boksen.
Boks og kort:

søndag 12. mai 2013

Bursdags boks nr.2

Det er ikkje berre barna som blir invitert i bursdagsselskap.
Av og til får mamma også ein invitasjon.
Kjempekoselig å vere i damelag!
Pynta denne valnøttboksen
og fylte den med risbrød.
Dette var "bursdagskortet".
 Hadde eit bånd rundt kanten nede.
Limte på to stempeltykk.
Det eine er farga med akvartellblyanter.
Den andre fekk nokre "bling bling" til ekstra pynt.
 Brukte samme stempelet på lokket,
men da uten teksten.
Her kom det også på nokre
"bling bling"

torsdag 9. mai 2013

Bursdags boks

Sønnen min skulle i bursdagsselskap,
og vi måtte få ordna ei gave.
Denne gongen pynta eg ein valnøttboks
som vi fylte med smågodt.
Og så festa vi litt penger på lokket også.
 Ein røff gutteboks.
Svart og kvitt, og blått.
Med navnet til bursdagsbarnet.
 Og eit par auge,
til å skremme vekk søsken
som skulle ha lyst til å smake uten lov ;-)
 
 Klar beskjed på lokket.

torsdag 4. april 2013

After eight, for a 80 year old

Min kjære tante
fylte 80 år denne veka.
Eg laga denne After Eight boksen til ho.
 Pynta med blomster og perler,
og eit stempeltrykk, bånd og ein splittbinders.

 Under lokket var eit lite kort
med helsinga på.
Deltar på Papirdokkene si
utfordring # 46 - April

fredag 1. mars 2013

Toffifee eske

Bursdags "kort" til ei god venninne.
Ei pynta Toffifee eske.
 

lørdag 23. februar 2013

Svigrmors morsdagskort.

I år fekk svigermor ein morsdags-boks til kort...
Det er ein pynta Valnøttboks.
Synes dei har fin størrelse, og greit lokk.
 Eg har brukt eit stempel frå Laura Ashley,
med engelsk tekst.
Og stempel fra Stempelglede sin Grunge collection.
Har stempla blomster på lys rosa kartong med mørk rosa blekk,
og "punch'a" dei ut med blomster punch'er.
 Pynta med perler her og der.
Perlene på rekke er ikkje limt på ein og ein...
Dei kan kjøpes slik.
Det er berre å klippe av i ønska lengde og feste på :-)

 Lokket:
 Når boksen er ferdig pynta, er det berre å fylle den med noko godt.
Eller ein liten gave...

søndag 10. februar 2013

Morsdag

Gratulerer med dagen
til alle mødre der ute.
Håper dere har hatt ein fin dag!
 
Her er "kortet" eg laga til mamma'n min.
Det er ei Toffifee eske.
Sidan ho er slik ei flink håndarbeidsdame,
måtte eg pynte den med trådnøste med strikkepinner, og ei saks.
 Datteren min, som er 2år 4mnd
laga også kort,
til mormor.

tirsdag 22. mai 2012

After Eight boks til mann

Vil vere med på Papirdokkene si
utfordring # 27
"Andre former"
med denne after eight boksen.
 Den er laga til ein kjekk mann
som fyllte 50 år.
 Prøvde å gjenspeile litt av det eg trur han
liker/er flink til.
Båtliv - med motivet eg har brukt,
Data, som han nok bruker ein heil del på jobben - med laptop-charm'en
og praktisk arbeid, dei har ein flott heim og flott hage - med drill-charm'en.
Om eg traff blink veit han, og kona, bedre enn meg ;-)
 Eit par røffe stjerner med knapp på, dekorerer toppen, og baksida.
 Som hjelp mot dårlig samvittighet, som nokre kan føle ein snev av
når dei åpner ei eske sjokolade for å forsyne seg -
KOS DEG!
er budskapet på undersida av lokket.
Inni boksen, på toppen av sjokoladane,
låg eit lite kort med helsing frå
tre par som var med på gava.
Han fekk ein pose full av heimelaga saft og sylte frå
Synnes DA,
som har utsalg på Joker Vikane på Vigra.

Litt reklame her :-)

Ha ein god dag, og nyt sol og varme!

torsdag 23. februar 2012

snopeboks, og guttekort

Var i koselig 40 års-dag tirsdag.
Jubilanten fekk denne boksen, som bursdagskort.
Den var fylt med kvitt og rosa smågodt.
 Fargane på bilda vart ikkje heilt bra...
Slik er det når dagslyset har tatt kveld, og eg ikkje kunne vente til neste dag...
 Eit bilde til, berre for å vise lokket...
Det er ein pynta valnøttboks.
Liker størrelsen på dei.
 Gutte-bursdagskort, igjen...
Gutane blir stadig invitert i selskap.

lørdag 28. januar 2012

After eight og ein valnøttboks

Var i dobbelbursdag i dag.
Fruen hadde ønsket seg bokser, og det fekk ho :-)
To stykker.
 After Eight boks i kvitt og rosa...
 Eit lite kort inni, der eg skreiv helsinga til dei to.
 Dette er ein 200 grams valnøttboks.
Med litt vakkert papir, og bilder og "stæsj" vart den slik:
Fylt med kvitt og rosa smågodt ;-)