torsdag 24. desember 2009

God jul!

GOD JUL, bloggvenner!

La oss minnast barnet i krybba i kveld!

Og la oss minnast at Han kom for å dø, for å frelse oss frå våre synder,
og åpne vegen til Himmelen!


Så la oss gå med stille sinn
Som hyrdene til barnet inn,
Med gledestårer takke Gud
For miskunnhet og nådebud.

Kom Jesus! vær vår hyttes gjest!
Hold selv i oss din julefest!
Da skal med Davidsharpens klang
Deg takke høyt vår nyårs-sang I går kveld hadde vi invitert til førjulskveldsmat.
Vi var 16 til bords.
Det var mine søsken (minus to)
og dobbelsøskenbarna mine med følge.
menyen var heimebaka rundstykker, og loff.
Spekemat, laks og eggerøre.
Is og julekaker, frukt og sjokolade til dessert.
Eit glimt frå kalaset!

tirsdag 22. desember 2009

Glimt frå jula vår...

På ein tur i skogen plukka eg nokre einegreiner. Eg satte dei i denne krukka (som vi hadde blomster i i bryllupet vårt). Satte oppi nokre perlehjerter som gutane og eg har laga. Og så hengte eg på nokre sjokoladekuler (gutane har visst funne ut kva det er, men må vente til over nyttår før dei får ete dei - da skal vi høste juletreet).
Søndag kjørte vi og henta juletreet som min kjære hadde saga ned dagen før. Tidligere har vi alltid kjøpt, enten hos en gartner, eller hos Plantasjen. Det var koseligere å hente "eget" tre. Gutane var flinke til å hjelpe å bere.
Bilen vart ganske full.... Eit glimt av juletreet... Kjøpte 4 fugler i år. Treet vårt er "barnevariant" - ikkje interiørblad variant... Tradisjonelt med mykje rødt...
Til slutt eit bilde av alt vi vann, da vi vann ei kolonialkasse på førjulsfesten på barneskulen! Gutne var ivrige og ville sjå alt.....

fredag 18. desember 2009

Kongler

I dag bakte eg kongler i steikovnen.....
For å få dei til å åpne seg. Og det fungerte veldig bra!
Etterpå var det berre å bruke dei som dekor:Prøvde også å dekorere konglene.
Denne kongla var ikkje i ovnen...
Eg spraya den med shimmering mist, og strødde glitter på.
Slik vart den når mist'en tørka:Nokre andre kongler hadde eg lim på, og dryste på sølvglitter: Satte dei på rekke og rad på kommoden på gangen.
Ganske fin juledekorasjon - om man ser bort fra boksen med det blå lyset...men den er nødvendig for at vi skal ha tråløst nettverk....får prøve å skjule den litt meir...
Reinsdyret kjøpte eg på Bohus. JUL - bokstavane er frå Kremmerhuset - gave frå gode venner.
Til slutt eit bilde av soloppgangen. Sjølv om det ikkje er lett å få fine bilder av. Det var nesten som om himmelen stod i lys lue i dag tidleg....

torsdag 17. desember 2009

Post-It bok

Da fekk eg pynta ferdig ei Post-It bok. Den skal pakkast inn som julegave. Satser på at den som skal få den ikkje besøker bloggen før jul. Men uansett så veit ingen kven mottakeren er før pakker blir åpna ;-)Fekk endeleg brukt eit av dei flotte stempleglede-stempela eg kjøpte for ei tid sidan. Dei er vakre! (har stempla på blomen, som eg har stansa ut).På innsida av permen, noko fint å bli minna på.Slik er den bakpå. Ein blome og signatur... Håper mottakeren får god nytte av den.

A Post-It Book finished decorated today. It's to be wraped as a christmasgift. Hope the one who gets it finds it useful :-)



onsdag 16. desember 2009

Årets pepperkaker er starks i boks...

Tirsdag vart årets pepperkakebakedag. 5åringen var med og hjalp til ei lita stund. Dobbel deig vart til mange pepperkaker.Begge gutane var med å pynta.Har ca halvparten igjen. Tuesday was the "pepper-cake-baking-day" of the year

tirsdag 8. desember 2009

Snømannen Petter - ei sann historie (hi hi)

Ein vakker dag var mormor på garden og passa 5åringen. Dei laga ein koseleg snømann i lag. 5åringen gav han navnet Petter. Han stod så fint på terassen vår og pynta opp.
Men stakkars Petter vart mindre og mindre for kvar dag....
Tynnare og tynnare...
Han stod der i soloppgangen....
Augene hadde falt av...
Sola stod opp og sendte sin varme mot Petter.
Stakkars Petter!
No ligg det berre to rosegreiner og to halve agurkskiver på terassen vår.
Petter har fordampa, og svever kanskje høgt der oppe som 1000 vanndråpar.Kanskje kjem han dalande ned att til jul - som nysnø.
Da kan vi lage ein ny Petter ;-)

mandag 7. desember 2009

Barnas pakkelapper og ei Post It bok

Har laga ei Post It bok. Kjekt å bruke Bind It All maskina. Den fungerte svært bra! Har eit par halvferdige prosjekt liggende, og eit til ferdig (bildet kjem kanskje etter jul....) Stempla opp litt trykk til barna ein dag. Dei farge, og vi laga pakkelapper.
Tøff lapp på pakken til ein tøff 5åring (Levi)

mandag 30. november 2009

pakke 1, pakke 2, pakke 3, pakke 4.....

Er akkurat ferdig med å pakke inn (i aluminiumsfolie...) 2x24 smågodt, og hengt opp to remser med pakker i vinduet ved kjøkkenbordet.
Gutane er heilt klare for 1. pakke i morga.
Kjøpte eit stolt reinsdyr på Bohus forleden dag. Gutane lånte fotoapparatet, og reinsdyret, og knipsa bilder...:
Med blitz;
Utan blitz;
Ønsker dykk alle ei flott adventstid!

lørdag 28. november 2009

adventslys og juledekorasjon

Koselig å lage til adventsstaken i dag! Tok eit avlangt glassfat, pakka det inn i aluminiumsfolie, danderte mose på det, satte på plass 4 kvite lys med fine tall på (takk mamma!), til slutt kom nokre lerke-kongler og raude perler på.... (På første bildet hadde ikkje dei raude perlene komt på plass...)I morga skal vi tenne 1. lys!

No tenner vi det først lys
Åleine må det stå
Vi venter på det vesle barn
I krybba, lagt på strå. I går var det nest sist samling på Yngstes. (Siste samling er ei stor felles samling for alle tre gruppene, med foreldre, besteforeldre....). Barna fekk lage kvar sin juledekorasjon - i ein maisboks. Dei var så flinke! Dei fekk utdelt grønt, greiner, kongler, sopp, bær, sløyfe, og så laga dei til "skilt" med teksten; OSS ER EIN EVIG FRELSER FØDT.
Denne dekorasjonen laga 6 1/2 åringen min!

lørdag 21. november 2009

Prosjekt og små glimt frå heimen

Årets heimelaga-julegåver er strikka i år. Små og snertne prosjekt ;-)
Eit anna prosjekt: Vi kjøpte desse to lampene på ein bruktbutikk, og skal lage ei lampe av dei. Den messingfarga lampa har blitt spraya svart, det vart vakkert. Skal legge ut bilder når prosjektet er heilt ferdig - følg med, følg med...
Eit glimt av eine veggen i hallen i kjelleren. Den er flott. No står det eit gammalt, kvitt (og falskt) piano ved veggen og pynter opp. Bildet av det kjem etterkvart....
På allroom'et har vi eit lite vindu oppe på eine veggen. Vi hadde ikkje bodd her mange dager før 5åringen satt i vinduskarmen. Tanta, som bodde her som lita, sa at ho hadde aldri sett ein unge i det vinduet før.... Eg sa at om eg hadde vokse opp her, så hadde eg også heilt sikkert klatra opp der (Pappa trudde det han også).
Det var nokre mini-små glimt frå huset vi bor i no....

torsdag 19. november 2009

Enda eit kort laga av 5 åringen :-)

Kul motorsykkel, som 5 åringen fekk i bursdagsgave.
Han laga enda eit kort i kveld. Det er til ho som var barnevakt for oss der vi bodde før. Ho har også bursdag på laurdag.
Panduro stempel av gutt med fotball. Fugelen husker eg ikkje kven som har produsert... eit QK hjerte, ein liten blomst og to eyelets med splittbinderser i midten.
Og signatur bakpå.

5 åringen lager kort!

I formiddag, medan storebror var på skulen, koste 5 åringen og mamma seg med å lage kort. Han malte først nokre motiv med disstress refill-ink. Slik vart motiva.
Han valgte svart kartong, og to av motiva.
Pynta med eit par splittbinderser, og tre "shiny" stjerner.
Bakpå kortet måtte signaturen stå :-)
my 5 year old boy made a beautiful card today. It's for his friend who is 4 on saturday. He painted the images using the refill-disstress ink. And he signed the card.