tirsdag 27. april 2010

Bursdagskort av ein "silkebånd-spole"

Eit bursdagskort treng ikkje vere firkanta og flatt.... Pynta med mønsterark, stempeltrykk, roser, tråd, charms og litt "bling"
Her skreiv eg helsinga: Baksida, kun eit mønsterark....

søndag 25. april 2010

Vi fornyar kjøkkenstolane.

Kjøkkenstolane våre har vore i bruk mest kvar dag sidan dei kom i hus... Og med to gutar i familien, som var ganske små da stolane var nye, har det blitt mange, og mange slags, flekker på dei lyse stolputene.... Dei var med andre ord; heilt klare for nye trekk!
Var så heldig å finne akkurat den type, og farge, stoff eg hadde tenkt meg! På Herlighet. Ikkje var det dyrt heller - 149,- kr pr. m, og eg trengte ikkje meir enn 1,2m stoff.
Mi kjære mor kom med symaskin og stiftemaskin og hjalp til.Medan mamma klipte og sydde, skrubba og vaska eg stolane - og smurte inn treverket med bivoks.
7 åringen måtte prøvesitte første stolen.Slik vart stolane etter en "total makeover".
Eg er kjempefornøgd, og det er mannen i huset også. Kjekt med 4 "nye" stoler for kun kr. 175,- Medan vi damene holdt på med vårt, var 7 åringen også kreativ. Han laga ei fontene i kjøkkenvasken :-) Den vart utvida med ting han fann fram frå kjøkkenskapet....

fredag 9. april 2010

"Konkurranse-spel" for barnearbeid

I dag har eg laga eit nytt "konkurranse-spel" til å bruke i barnearbeid. Eg er med som leder på Yngstes (YA), og i kveld skal vi prøve dette spelet.
Måten vi gjer det på er som følger:
Medan vi har andakt, skriv ein av oss spørsmål frå det som blir fortalt.(Man skal sjølvsagt ha spørsmåla ferdig laga ;-) )
Desse bruker vi i konkurransen, og får dermed repetert kveldens Bibelfortelling på ein kjekk måte :-)Eg laga eit Fotball spel. Kvar gong nokon svarer rett på spørsmåla, får dei velge ein fotball. Så er det sjølvsagt om å gjere å få mål!To lag, og 12 skudd.... 8 av fotballane går i mål :-) :
4 av fotballane bommar.... :-( Resultatet kan bli f.eks. slik:
Eg hadde ikkje noko stor nok papp-plate å montere det på, så eg tapa fast dei 3 delane på eit lerret, som eg har tenkt å male på ein vakker dag...
Om nokon av dykk er med på barnearbeid, så er det fritt fram å stjele idèen. Ja, du skal sleppe å stjele den - du skal få den heilt gratis!