Kjøkkenstolane våre har vore i bruk mest kvar dag sidan dei kom i hus... Og med to gutar i familien, som var ganske små da stolane var nye, har det blitt mange, og mange slags, flekker på dei lyse stolputene.... Dei var med andre ord; heilt klare for nye trekk!
Var så heldig å finne akkurat den type, og farge, stoff eg hadde tenkt meg! På Herlighet. Ikkje var det dyrt heller - 149,- kr pr. m, og eg trengte ikkje meir enn 1,2m stoff.
Mi kjære mor kom med symaskin og stiftemaskin og hjalp til.

Medan mamma klipte og sydde, skrubba og vaska eg stolane - og smurte inn treverket med bivoks.
7 åringen måtte prøvesitte første stolen.

Slik vart stolane etter en "total makeover".
Eg er kjempefornøgd, og det er mannen i huset også. Kjekt med 4 "nye" stoler for kun kr. 175,-

Medan vi damene holdt på med vårt, var 7 åringen også kreativ. Han laga ei fontene i kjøkkenvasken :-)

Den vart utvida med ting han fann fram frå kjøkkenskapet....
4 kommentarer:
Flotte "nye" stoler.
Så kjekt ;)
Gratulerer med "nye" stoler!! Dei vart skikkelig flotte, da!! og kreativ fontene... ;) Her i huset gjekk det i "kose-dyr-bading" i dag... :P
fornuftig å fikse stoltrekk, dette fikk du fint til..
så gøyt med han som eksperimenterer i vasken..
takk for hilsen¨¨*
Legg inn en kommentar