Eg har laga eit juletre i dag...
Vart så ivrig å komme i gang,
at eg ikkje tok bildet av pyramiden før eg begynte.
Pyramiden kjøpte eg på loppemarked i går.
I går gjekk heile familien tur i skogen.
Eg hadde med greinsaks
og hausta inn einegreiner og mose.
I dag fletta eg einegreinene inn i pyramiden.
Surra rundt ei lenke med gullkuler.
Og ei lenke med lys.
Synst det vart koselig.
Håper ikkje nålene dett av før jul....