torsdag 29. november 2012

Poseholder

Eg har sydd
poseholdere.
Her er ein av dei.
Den andre kan du sjå på sybloggen min:
 
 
 
 
Vil du bestille?
Dei koster 130,- kroner, porto inkludert :-)
 
Du kan ønske farge og design,
og så ser eg om eg har stoff du liker...

torsdag 22. november 2012

Enda fleire guttekort

To guttekort,
i samme stil som forrige.
Motivet er fargelagt med akvarellblyanter,
og så mala over med vann.
 Eg har "pynta på" ein klestag...
 Ei enkel innside.
 Og bakside...
 Ein enklere variant,
 Med innside i samme stil...

torsdag 15. november 2012

Gutte kort, og minion kake - familieselskapet

Eit bursdagskort til ein gut
som fylte 9 år.
 Brukte ein tag frå eit klesplagg vi hadde kjøpt.
Sidan eg ikkje hadde maling,
malte eg over skrifta med tippex...
Motivet er stempla på akvarellark, farga med akvarell blyant,
og mala over med vann.
Pynta med stjerne-splittbinderser.
 Innsida av kortet, over.
Og baksida, under her.
 Søndag hadde vi familieselskap for 8åringen vår.
Brukte dei minion'ene som overlevde gutteselskapet
til å pynte brownie kaka med.
Ellers serverte vi plommedrøm med is,
karamellpudding,
Ritz-valnøtt kake,
og mannens spesialitet: kake med vaniljekrem, bær og gele.

fredag 9. november 2012

Guttebursdag med tema; Minions

Minste guten vår fylte 8 år no i november.
For ei god stund sidan fann han ut at tema for bursdagskaka og selskapet skulle vere Minions.
Disse søte skapningene er frå filmen "Grusomme meg",
som ikkje er ein grusom film :-)
 Eg laga 8 Minions av marsipan.
 Ein heilt vanleg marsipanrull frå Rema 1000.
Brukte vanlig matfarge, vel, den kom faktisk frå Florida...
Gave frå mor til svigerinna mi ;-)
 Augene laga eg ikkje.
Dei er av plastikk, og kjøpt i Danmark i sommer.
Minion'ane fekk litt meir "liv" av desse auga.
 Det var gøy å gi dei litt personlighet
med ansiktsuttrykk og hårsveis og korleis dei held hendene.
 Laga også ei lita marsipankake til minion'ene.
Og så var det den store kaka da.
Sidan eg brukte så mykje tid på pynten,
brukte eg ein kakemix til kaka.
Laga ei stor skuffekake, og skar ut siluetten til Gru.
Han er hovedpersonen i filmen, Grusomme meg.
 Fekk snudd kaka, og plassert den på ei plate dekt med aluminiums folie.
 Bursdagsguten ønskte seg vanlig melisglasur.
Ikkje den enkleste å få fin, for man kan ikkje jobbe for lenge med den...
men resultatet vart ok -
 Hadde ikkje før fått ferdig kaka, så vart den invadert av små gule skapninger...
Når vi serverte, hadde vi på ei isfontene.
Kaka falt i smak.
Fleire av gutane ville ete ein minion.
Eg rakk ikkje å advare dei om auga i tide,
så ein av gutane, og lillejenta vår, åt ei eller to plastikkauge....
....men det går vel bra.
 Andre minionseffekter i selskaper var:
*Kor som sang bursdagssang først i selskapet: http://www.youtube.com/watch?v=wCkerYMffMo
*Minions jakt i hagen (eg hadde printa ut små minionsbilder og teipa dei fast ute. Gutane hadde med seg lommelykter, og vart delt inn i tre lag. Så var det om å gjere å finne flest.)
*Til slutt såg dei kortfilmane om minion'ane, medan dei åt snop.
Ein kjekk og vellykka bursdag :-)

fredag 2. november 2012

eit par kort...

Eit par kort.
Har brukt akvarelblyantene til å farge motivet med...