søndag 30. september 2012

Kort til Babyjente

Var så heldig å få delta på ein
babyshower
for eit par dager sidan.
Det var første gong eg var med på babyshower, og det var så koselig.
Vi var i ei gammel, lita løe.
Det var så koselig der, med vedfyring, god mat og koselige damer.
 
Her er kortet eg hadde på pakken.
 Eit lite stempeltrykk inne i kortet også.
 Ei lita sløyfe bakpå,
knytt på gaffel.
Kan læres på youtube:
Vil du sjå kva som var inni pakken kan du kikke her:
 

fredag 28. september 2012

Guttekort...

Kort til ein tøff gut som vart 8 år.
 Hadde ikkje heilt godt lys,
men de ser no litt...

torsdag 13. september 2012

Ein liten "makeover"

Eine genseren til sønnen min hadde nokre flekkar som ikkje gjekk vekk i vask.
Kjedelig, sidan han likte genseren godt.
Istaden for å kassere den
tok eg fram tekstilmaling og sjablong.
Stjerner og initialer...
skjuler flekkane.
 Guten vart fornøgd! 

fredag 7. september 2012

Pulsvarmere til svigermor

Eg har strikka ein del slike pulsvarmere iløpet av dei siste åra.
Dei første eg strikka hadde små perler på.
For ca 1 år sidan fann eg desse større perlene.
Dei var lettere å tre på tråden.
 Eg bruker babyull.
Dei varmer godt på ein kald dag.