torsdag 23. februar 2012

snopeboks, og guttekort

Var i koselig 40 års-dag tirsdag.
Jubilanten fekk denne boksen, som bursdagskort.
Den var fylt med kvitt og rosa smågodt.
 Fargane på bilda vart ikkje heilt bra...
Slik er det når dagslyset har tatt kveld, og eg ikkje kunne vente til neste dag...
 Eit bilde til, berre for å vise lokket...
Det er ein pynta valnøttboks.
Liker størrelsen på dei.
 Gutte-bursdagskort, igjen...
Gutane blir stadig invitert i selskap.

søndag 12. februar 2012

Morsdags kort/gave til min kjære mamma

Gratulerer med morsdagen alle mødre.
Her er årets morsdagskort/gave til mamma.
 Laga ein AfterEight boks i mamma's farge...
Her med kortet som eg skreiv helsinga på, inni boksen.
 Pynta den ganske enkelt. Stempla, og "punsh'a ut" blomster.
Brukte eit dekorpapir med matchende blåfarge, og stempla på tekst-trykk.
 Boksen vart sjølvsagt fylt med, ja, AfterEight sjokolade.
Laga 4 små kort, ca 8x8 cm, trur eg det var, som ho også fekk.
Dei er tomme, så ho kan bruke dei til å gi andre... 
2 like, 1nesten likt dei 2, og 1 herrekort.
 Framside, innside og bakside.
Alt vart overrakt til verdens beste mamma i formiddag!

torsdag 9. februar 2012

Nokre småting...

Eit par kort..
Det har gått i enkle kort i det siste - som ikkje tar for lang tid å lage...
 I kveld laga eg noko som eg ikkje har laga sidan eg jobba på kjøkken i England.
Og det begynner å blir nokre år sidan...
POTATO BREAD.
Trur det er Irsk mat.
Hadde nokre poteter til overs etter dagens middag...
* 1 kopp moste poteter
* 1/4 kopp mel
* salt 
 Bland godt, og kjevle ut til ca 1/2 cm tjukk leiv.
Del opp i passe stykker.
Steik på steikepanna.
 Det fall i smak her.
Ein gut åt dei med sukker, vi andre hadde jordbærsylte på.
Ein ny ting som har komt til gards!
Eit El-piano.
Ikkje like bra som eit ekte piano, synst nok mange.
Men det har sine fordeler.
Man kan bruke høretelefoner!!!
Fritt fram å spele - slepp å gi resten av familien gnagsår i øyrene...
....ingen av oss er flinke, men vi liker å klonke litt på pianoet likevel...
 Og her er min nye venn :-)
Ei kjekk julegave, som blir mykje brukt!
 Til slutt; ein eldre modell....
Men "lokal" design - frå Vatne i Haram kommune, på 70 tallet, tenker eg..
Vi har fått tatt over 2 av desse flotte stolane!