torsdag 29. januar 2009

Fekk jammen tid til å blogge litt i dag også... he he

Litt av "kasse-tårnet" vårt.... (Gutane har teikna kunst på kassene) :-)Gutane og eg såg på ein skate board film på You Tube. Etterpå teikna Mr.4år denne guten på skate board.Nærbilde av guten:Mr.5 1/2år sin skater:Og så måtte mamma også prøve da. Ha ha ha...
Her er Mr.4år sin teikneskule.
Korleis teikne ein skater på Dobbel(!) skate board:



Takk til alle som "har noko til meg" i bloggane sine. Eg skal ta tak i det etter at ting har roa seg for oss....
God fredag og god helg til dykk alle!!!

onsdag 28. januar 2009

Lillebror sin kunst og eit kort

Mr.4år har tegna dette bildet. Han tegner ofte bilder som kjører på løp.
Han har vidreutvikla bilane no. Så dei han tegner no har fleire detaljer enn desse. Det er skikkelig artig å følge med utviklinga.
Her er eit kort eg laga for ei stund sidan. Trur ikkje eg har publisert det tidligere.
På nedpakkingsfronten går det framover. No skal alt tømast. På laurdag skal vi ha flyttebil - om alt går etter planen. Blir godt å ha god tid på nedvask.
Neste innlegg blir nok frå "barndomens Ø"

torsdag 22. januar 2009

"Trampoline"???

Kva i alle dager er dette???Denne saken fann gutane i ein krok utanfor huset i dag. Jo-hooooo. Gøyere enn trampoline, sa dei.Det er restane av ein gamal rammemadrass som vart "slakta" no når vi rydder opp og sorterer våre jordiske gods. Gutane ville at vi skulle ha den med når vi flytter.... Veit no ikkje heilt om pappa'n er enig i det... I går bakte vi - kanskje for siste gong på dette kjøkkenet... - o'boy muffins. Fann oppskrift på Det søte liv. Tok med oss nokre av dei og gjekk på besøk til to naboer. To gamle damer som bor i kvar si leilighet. Dei var glade for å få noko godt til ettermiddagskaffien sin.
Mr.5 1/2 år var så flink til å drysse på raspa sjokolade, så dei vart riktig flotte.

torsdag 15. januar 2009

Ein herlig dag og ein forfriskande tur.

Sjå for ein fin himmel. Nydeleg blå og utan ei sky. Ein flott dag, men kaldt. Så vi kledde godt på oss når vi gjekk ut. Den mørke prikken på bildet er faktisk ei ørn! Det bor eit par fiskeørner (trur det må vere det) oppe i fjellet bak huset vårt. Så vi har sett dei fleire gonger.
Men så var det turen vår. Vi begynte med å gå bort mot der vi har brukt å plukke blåbær om sommeren. Like i nærleiken av der vi bor. Storebror først, lillebror etter - og så mamma bakerst med kamera...
Denne gongen la vi i veg mot ukjente mål... Gjennom snø/is kledd lyng og buskas.
Vi fann ein liten is!
"Tenk så gøy å kunne gå på vannet...."

Naturen har kunstverk å vise - for den som tar seg tid til å kikke etter.
Dette minner meg om "Den Store Kunstneren", han som har skapt alt!Eg synst dette er utrulig flott!Inni her gjøymer det seg sikkert eit tynt, lite strå...Men vi gjekk videre. Inn i den "store" skogen. Trea var høge, men skogen var ikkje så djup...Da vi kom ut på den andre sida fann vi ei fin mark med flott steingard rundt! Og steiner må klatrast på!Full fart over marka......for på andre sida såg vi ein port! Dette var spennende.Og porter som denne MÅ klatrast på...Ein flott skogssti! "Jeg gikk en tur på stien, og hørte skogens ro".Og jammen kom vi ikkje til enda ei flott mark (eller atlege)! Med flott steingard rundt!Og.... Steingarder MÅ klatrast på! Hei, er ikkje dette eit rådyrspor!
Så går vi heim for å drikke kakao med marsmallows i! Ein skikkelig flott opplevelse - rett bortanfor byggefeltet! Vi som har bodd har så lenge, og aldri gått den vegen før. Eg er glad vi gjorde det før vi reiser herifrå.

Til slutt eit bilde til. Mamma har leika seg litt med kamera. (Eg ønsker meg eit speilrefleks kamera....)
Ønsker dere alle mange flotte naturopplevelser i 2009!

Rødt og gult, ikkje farger eg bruker så ofte...

Jenta er Magnolia, pakkane med katter i trur eg er Penny Black. Alt mala med distress. Gratulerer er klistermerke, det var gullfarga, men eg farga det med rød sprit-tursj. Innsida med ei Magnolia jente.

onsdag 14. januar 2009

Glimt frå i dag.

Eg som skreiv at aktiviteten her inne ville avta ei stund... Eg pakker innimellom. Vi har no nokre veker på oss enda, så stresset har ikkje begynt enda. Så derfor kobler eg av ved å blogge.
I dag var det baner i lange baner på stua vår. Racerbilbana har stått framme siden romjula, det var julegave til gutane. Togbana vart bygd i dag tidlig av Mr.5 1/2 år. Denne bana fekk Mr.4år til jul.
Denne er populær blandt både store og små gutter...
Medan vi åt middag, fekk vi besøk av nokre stjertmeiser. Vi måtte fram med fugleboka for å finne ut kva slags fugler det var. (Bildet er frå fugleboka).
Vakker solnedgang var det også. Den blir aldri like bra på bilde... Gleder meg til solnedgangen er ved kveldsmat tid istaden for ved middagstid....

tirsdag 13. januar 2009

Blog candy

Carolines glede feirer det nye året med ikkje mindre enn 2 blog candyer! Her er noko av det ein av dei heldige kan vinne. Ta ein titt da vel. (Frist er onsdag 15.januar).

Vi har gått ein liten fjelltur i dag.

Gutane sykla den lille biten bort til stien som går opp på fjellet her.
Da er vi i gang. Med godt mot.
"Her er blåbærlyng, mamma"Eg og Mr.4år går igjennom bjørkeskogen.Dette treet har laga ein fin "benk" til å kvile seg litt på.
Sjekk for ei flott utsikt!
Vi hadde med nokre kjeks og ei flaske vatn. Alltid godt med litt energipåfyll på tur.