onsdag 16. juni 2010

Kort, kort, kort...

Eit bursdagskort til ei skjønn jente som vart 3 år. Hadde ikkje planlagt at det skulle bli SÅ mykje pynt på.. Men det eine drog med seg det andre... Motivet er fråTilda, og er farga med ProMarkers. Eg hadde ikkje blomster i akkurat rette farger, men eg farga dei også med ProMarkers, så dei stod i stil.
Mora til 3 åringen hadde også nettopp bursdag. Eit litt meir voksent og kvinnelig kort til ho :-) Her har eg farga skoa også med ProMarker. Og pynta med blomster og litt stæsj.. Til slutt bursdagskort til ei skjønn jente som vart 4 år. Farga motivet med ProMarkers her også...

søndag 6. juni 2010

Bål, pinnebrød, s'mores og krabbeleiting i fjøra.

Laurdag var 3 mødre og 6 barn i fjøra og kosa oss.Vi tente bål av ved vi fann...Og grilla pinnebrød og marsmellows...Av marsmellows'ane laga vi s'mores. Ein amerikansk delikatesse! Du tar eit Marie kjeks, legg på ein grilla marsmellows og ein sjokolade bit, og så eit Marie kjeks på toppen! Nam, nam!Etter grillkos gjekk barna på krabbeleiting. Veldig spennande å leite under tang og tare og steinar. Dei fann 17 krabbar.Her er ein av dei :-)Og "A baby snail" Ein herlig fjøretur. Sol og litt vind... Håper på enda meir sol og høgare temperaturar....