torsdag 30. september 2010

Medan vi venter....

No er vi innanfor 2 veker før terminen... Baggen er klar, eg er klar, og besteforeldre søv med mobilen på nattbordet, klare til å komme og passe gutane. Det er spennende dagar. Har hatt ganske mykje på programmet likevel desse dagene. Har hatt litt tid på hobbyrommet - om ikkje så mykje. (Nokre av desse korta er ikkje heilt ferske.....)

Dette kortet er til ei som fylte 40 år. Motivet er rett og slett klipt ut frå ein slettvoll katalog...
Ein Go'gut har fylt 6 år. Søskenbarn til gutane, og nevøen min :-) Lillebror i huset, som også blir 6 år om ikkje så lenge, bestilte kort med Indiana Jones til kompisen. Vi fann denne tøffe Lego-Indiana Jones på Internett og printa ut bildet...Slik var innsida på kortet: Eit vennepar, der fruen er søskenbarnet til mannen min, feira 30+35 års dagar. Dei måtte også få eit kort. Eit enkelt kort, der motivet er frå samme Slettvoll katalogen som første kortet. Måtte ha på noko lite ekstra - så da vart det til at eg knytte på eit band...
Det har vore bursdagsfeiring i 2.klasse også. Og slik vart dette guttekortet med borg og ridder.
Motiva var farga med ProMarkers.

lørdag 4. september 2010

7åringen har fotografert...

Det er ein nydeleg laurdagsmorgon på Sunnmøre. Sol frå skyfri himmel. Må klippe plen, og plukke litt plommer i hagen i dag... Inne har gutane laga til dramatikk!
To flotte London drosjer har kræsja!!!!!
Hjul fauk til alle kanter....
Heldigvis ingen mennesker involvert ;-)