torsdag 30. september 2010

Medan vi venter....

No er vi innanfor 2 veker før terminen... Baggen er klar, eg er klar, og besteforeldre søv med mobilen på nattbordet, klare til å komme og passe gutane. Det er spennende dagar. Har hatt ganske mykje på programmet likevel desse dagene. Har hatt litt tid på hobbyrommet - om ikkje så mykje. (Nokre av desse korta er ikkje heilt ferske.....)

Dette kortet er til ei som fylte 40 år. Motivet er rett og slett klipt ut frå ein slettvoll katalog...
Ein Go'gut har fylt 6 år. Søskenbarn til gutane, og nevøen min :-) Lillebror i huset, som også blir 6 år om ikkje så lenge, bestilte kort med Indiana Jones til kompisen. Vi fann denne tøffe Lego-Indiana Jones på Internett og printa ut bildet...Slik var innsida på kortet: Eit vennepar, der fruen er søskenbarnet til mannen min, feira 30+35 års dagar. Dei måtte også få eit kort. Eit enkelt kort, der motivet er frå samme Slettvoll katalogen som første kortet. Måtte ha på noko lite ekstra - så da vart det til at eg knytte på eit band...
Det har vore bursdagsfeiring i 2.klasse også. Og slik vart dette guttekortet med borg og ridder.
Motiva var farga med ProMarkers.

4 kommentarer:

Fjordheim sa...

Her var det mange flotte kort.
Så heldige dei er som får så fine hjemmelaga kort i anledning dagen sin. Ønsker deg lykke til med den forestående fødselen. Spennende :)

eba sa...

Her var det mange flotte kort! Du held koken sjølv om du er "sist i dagan" :) Gjett om vi gleder oss til å treffe dette nye, lille søskenbarnet!! <3 <3 Vi tenker på og ber for dokke spesielt i denne tida!!

gode klemmer
*bigsis*

h.espe sa...

Hei, og tusen takk for skjønne ord om puten jeg laget - så gøy at du likte den!

Ja, om det ikke alt har skjedd, så er det like før nå - kan tenke meg dere er kjempespente alle sammen :o)

Masse lykke til!!

Goklem fra Hildegunn

h.espe sa...

...og så glemte jeg helt å kommentere de flotte kortene du har laget - nyyydelige!!!