tirsdag 27. april 2010
Bursdagskort av ein "silkebånd-spole"
Eit bursdagskort treng ikkje vere firkanta og flatt....
Pynta med mønsterark, stempeltrykk, roser, tråd, charms og litt "bling"
søndag 25. april 2010
Vi fornyar kjøkkenstolane.
Kjøkkenstolane våre har vore i bruk mest kvar dag sidan dei kom i hus... Og med to gutar i familien, som var ganske små da stolane var nye, har det blitt mange, og mange slags, flekker på dei lyse stolputene.... Dei var med andre ord; heilt klare for nye trekk!
Var så heldig å finne akkurat den type, og farge, stoff eg hadde tenkt meg! På Herlighet. Ikkje var det dyrt heller - 149,- kr pr. m, og eg trengte ikkje meir enn 1,2m stoff.
Mi kjære mor kom med symaskin og stiftemaskin og hjalp til.
Medan mamma klipte og sydde, skrubba og vaska eg stolane - og smurte inn treverket med bivoks.
7 åringen måtte prøvesitte første stolen.
Slik vart stolane etter en "total makeover".
fredag 23. april 2010
fredag 9. april 2010
"Konkurranse-spel" for barnearbeid
I dag har eg laga eit nytt "konkurranse-spel" til å bruke i barnearbeid. Eg er med som leder på Yngstes (YA), og i kveld skal vi prøve dette spelet.
Måten vi gjer det på er som følger:
Medan vi har andakt, skriv ein av oss spørsmål frå det som blir fortalt.(Man skal sjølvsagt ha spørsmåla ferdig laga ;-) )
Desse bruker vi i konkurransen, og får dermed repetert kveldens Bibelfortelling på ein kjekk måte :-)
Eg laga eit Fotball spel. Kvar gong nokon svarer rett på spørsmåla, får dei velge ein fotball. Så er det sjølvsagt om å gjere å få mål!
To lag, og 12 skudd....
8 av fotballane går i mål :-) :
4 av fotballane bommar.... :-(
Resultatet kan bli f.eks. slik:
Måten vi gjer det på er som følger:
Medan vi har andakt, skriv ein av oss spørsmål frå det som blir fortalt.(Man skal sjølvsagt ha spørsmåla ferdig laga ;-) )
Desse bruker vi i konkurransen, og får dermed repetert kveldens Bibelfortelling på ein kjekk måte :-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)