Kva i alle dager er dette???

Denne saken fann gutane i ein krok utanfor huset i dag. Jo-hooooo. Gøyere enn trampoline, sa dei.

Det er restane av ein gamal rammemadrass som vart "slakta" no når vi rydder opp og sorterer våre jordiske gods. Gutane ville at vi skulle ha den med når vi flytter.... Veit no ikkje heilt om pappa'n er enig i det...

I går bakte vi - kanskje for siste gong på dette kjøkkenet... - o'boy muffins. Fann oppskrift på
Det søte liv. Tok med oss nokre av dei og gjekk på besøk til to naboer. To gamle damer som bor i kvar si leilighet. Dei var glade for å få noko godt til ettermiddagskaffien sin.

Mr.5 1/2 år var så flink til å drysse på raspa sjokolade, så dei vart riktig flotte.