Husker de etterlysninga mi 28 nov. 2008?
Eg ville så gjerne ha tak i ein "Egermaier's Barne Bibel" på norsk.
Eg fekk dessverre ingen hjelp via internett...
Som mange av dykk veit, så driv vi å pakkar for å flytte. Det er bra å få kikke igjennom det man har. Ein del blir kasta, ein del gitt vekk, og mykje pakka. I går var eg innom ein bruktbutikk for å sjå om dei ville ta imot litt varer. Eg fekk levert ganske mykje! Gutane, som var med, ville kjøpe brukte Donald blad. Så eg og kikka meg litt om. Og gjett kva eg fann????
Oppe på ei hylle, høgt oppe, blandt massevis av bøker såg eg noko lyseblått!
Det var Bibelen de ser på bildet under:

Gjett om eg vart GLAD!
Det var som å finne ein dyrebar skatt! Og da vi skulle betale skulle dei ikkje ha meir enn 20,- kroner for den! Eg sa at den er no verdt 1000,-
Vil vise fram nokre fleire av dei flotte bilda i Barne Bibelen.
Kong David sitt møte med Mefiboset, Jonathan sin son som var lam.

Jesus og barna:

Den gode Hyrde som leiter etter det bortkomne lammet:

Kvinnene ved den tomme grava - Han er ikkje her, Han har stått opp!

God helg vidare til dykk alle.