tirsdag 16. mars 2010

Lillebrors kort!

5 1/2 åringen er ferdig med kortet sitt! Det skal han sende til ei jente vi kjenner - derfor skulle det vere rosa og svart!
Han pynta det med ein stor splittbinders, og ei krone som mamma hjalp til å lage.Og charms - Hello Kitty og stjerne.
Og signatur må der vere: Til slutt eit bilde som "måtte" bloggast. Det er ein av dei nye legofigurane til gutane.... men laser-sverd. Bildet er tatt av 5 1/2 åringen. Tusen takk til alle dykk som legg igjen hyggelige kommentarer. Det er SÅ kjekt :-)

Medan vi venter på våren....

Ute snør det. Det er igrunn den flottaste vinteren vi har hatt på lenge! Vakkert er det også. Men likevel lengtar vi etter vår og varme, blomar, og blad på trea... Får prøve å lage til litt vår inne da... Eg har shoppa på nett. Grei måte å haldle på når bilen er nedsnøa, og vegane er glatte... Fann to nye nettbutikker. Kuttut.com, som sel billige charms. Og Joanna Sheen, ein hobbybutikk i England, som sender portofritt i heile verda! Og med priser langt under norske hobbybutikker...Dårleg bilde, men du ser kanskje at dette er verktøy-splittbinderser! Stilig til guttekort.Charms frå Kutt ut.
Eg fekk to 5-pakningar med promarkers i julegåve, og har kjøpt ein til frå Joanna Sheen butikken. (to pakkar + to til er på veg frå England i disse dager). No har eg komt i gang å farge med dei. Det er kjempe kjekt!
Dei er flotte å jobbe med. Du kan legge lag på lag. Og til og med legge lys farge oppå mørk farge. Her er eit motiv eg farga i går. Eg er nybegynner enda.... I går kveld fekk gutane prøve også. Begge likte det godt.
Denne har 7åringen farga.Her er den 5 1/2 åringen farga. Den skal monterast på eit kort i dag.

søndag 7. mars 2010

Gutte selskap og familieselskap...

Ja, no har vi feira to dager til ende. Store guten vår er 7 år i dag! Det har vore 7 spennende og kjekke år! Ein stor og flott gut er han.
I går var det 13 gutar til bords. Da var her liv og røre.
Det vart litt fotball-tema. På invitasjonane stempla vi fotballspeler og fotball. Og muffinsane vart som de ser her:Ei kake med lys måtte vi også ha. Eg laga ein sjablong med fotballmønster. Dryste først melis over kaka, og så brukte eg o'boy pulver til å lage mønsteret med. Det som ikkje var så lurt, var at når bursdagsbarnet blåste ut lysa, fauk det ei sky av melis og o'boy pulver rundt kaka..... ha ha ha
Pappa'n lagde ei nydelig kake med bringebær og gele!
Kameraet vårt gjekk akkurat tomt for strøm, og vi finn ikkje laderen... så det vart berre desse bilda tatt med mobil....
I dag har vi hatt 28 til bords på familieselskapet. Vi serverte Tysk ostesuppe og nybakte grove rundstykker, og pølse med brød... Kaker, fruktsalat, muffins, is.....
Det var mange gaver med lego. Og det er heilt topp!


lørdag 27. februar 2010

Enda fleire kort

Mr7år har laga kort til lærerane sine. Eg laga kort til ein som vart 7 år.
Denne karen er inni kortet.
Og eit kort til ei jente som blir 7 år.

torsdag 25. februar 2010

blogcandy hos Mette's verden

Det er blogcandy hos Mette's kortverden.
Frist for å delta er 15.mars.

mor og barn har laga kort :-D

Søstra mi lurte på om eg kunne lage eit takke kort. Og kort vart det visst. Sidan det var ein bil inne i bildet, har eg stempla ein bil på bokstavane - ikkje så lett å sjå kanskje....
Det er ikkje ofte korta mine blir så pynta som dette. Er ikkje så flink til det, men denne gongen fekk eg det til :-D
Inni har eg stempla ein liten blomst.
Blomsten brukte eg på signatur-lappen bakpå kortet også.
Gutane har også komt og laga kort no når papir og stempel +++ har fyllt kjøkkenbordet. Mr.7år laga eit kort Klarer du å lese kva han har skreve? (Ditta var ei lang setning, sa han)
Her er den andre sida:
Mr.5år har laga kort til eit anna søskenbarn. Han har mala motivet med disstres ink. Synst det vart flott!
Andre sida har han pynta med bling :-D

onsdag 24. februar 2010

Kort og godt, og teikninger

Ei god venninne har fått ei lita jente.
Har ikkje fått møtt ho enda... Gleder med til å sjå underet.
Har iallefall kortet klart no :-) Må vise fram eit par av storeguten min (som straks er 7 år). Han har sett på Øisteins Blyant, og prøvd å teikne det samme som han.
Først ein Koala bjørn i eit tre, som er glad i å teikne.
Og så frå Øisteins Juleblyant. Tre sirkuskatter som øver på nummeret sitt.
Håper dere alle har det bra.
Vi fekk litt nysnø i dag. Synes det er både kjekt og dumt...
Kjekt for da kan barna få gå litt meir på ski...!
Dumt fordi det hadde vore så deilig med vår og varme snart!!!
Utanfor huset til mamma og pappa har det komt snøklokker.
Eit herlig vårtegn!