
Han har vidreutvikla bilane no. Så dei han tegner no har fleire detaljer enn desse. Det er skikkelig artig å følge med utviklinga.
Her er eit kort eg laga for ei stund sidan. Trur ikkje eg har publisert det tidligere.

Her er eit kort eg laga for ei stund sidan. Trur ikkje eg har publisert det tidligere.
På nedpakkingsfronten går det framover. No skal alt tømast. På laurdag skal vi ha flyttebil - om alt går etter planen. Blir godt å ha god tid på nedvask.
Neste innlegg blir nok frå "barndomens Ø"
Denne saken fann gutane i ein krok utanfor huset i dag. Jo-hooooo. Gøyere enn trampoline, sa dei.
Det er restane av ein gamal rammemadrass som vart "slakta" no når vi rydder opp og sorterer våre jordiske gods. Gutane ville at vi skulle ha den med når vi flytter.... Veit no ikkje heilt om pappa'n er enig i det...
Mr.5 1/2 år var så flink til å drysse på raspa sjokolade, så dei vart riktig flotte.
Men så var det turen vår. Vi begynte med å gå bort mot der vi har brukt å plukke blåbær om sommeren. Like i nærleiken av der vi bor.
Storebror først, lillebror etter - og så mamma bakerst med kamera...
Denne gongen la vi i veg mot ukjente mål... Gjennom snø/is kledd lyng og buskas.
Vi fann ein liten is!
Naturen har kunstverk å vise - for den som tar seg tid til å kikke etter.
Eg synst dette er utrulig flott!
Inni her gjøymer det seg sikkert eit tynt, lite strå...
Men vi gjekk videre. Inn i den "store" skogen. Trea var høge, men skogen var ikkje så djup...
Da vi kom ut på den andre sida fann vi ei fin mark med flott steingard rundt! Og steiner må klatrast på!
Full fart over marka...
...for på andre sida såg vi ein port! Dette var spennende.
Og porter som denne MÅ klatrast på...
Ein flott skogssti! "Jeg gikk en tur på stien, og hørte skogens ro".
Og jammen kom vi ikkje til enda ei flott mark (eller atlege)! Med flott steingard rundt!
Og.... Steingarder MÅ klatrast på!
Så går vi heim for å drikke kakao med marsmallows i!
Ein skikkelig flott opplevelse - rett bortanfor byggefeltet! Vi som har bodd har så lenge, og aldri gått den vegen før. Eg er glad vi gjorde det før vi reiser herifrå.
Jenta er Magnolia, pakkane med katter i trur eg er Penny Black. Alt mala med distress. Gratulerer er klistermerke, det var gullfarga, men eg farga det med rød sprit-tursj.

Denne bana fekk Mr.4år til jul.

Vakker solnedgang var det også. Den blir aldri like bra på bilde... Gleder meg til solnedgangen er ved kveldsmat tid istaden for ved middagstid....



"Her er blåbærlyng, mamma"
Eg og Mr.4år går igjennom bjørkeskogen.
Dette treet har laga ein fin "benk" til å kvile seg litt på.

