tirsdag 13. januar 2009
Blog candy
Carolines glede feirer det nye året med ikkje mindre enn 2 blog candyer! Her er noko av det ein av dei heldige kan vinne. Ta ein titt da vel. (Frist er onsdag 15.januar).

Vi har gått ein liten fjelltur i dag.
Gutane sykla den lille biten bort til stien som går opp på fjellet her.
søndag 11. januar 2009
Sukkersött Utfordring #23 Vintage
Sjølv om eg har pakka ned omtrent alt av hobbyutstyr, så klarer eg visst ikkje å la vere å lage litt kort... Fekk så lyst å vere med på denne vintage utfordringen, for vintage kort har eg ikkje lage så mange av akkurat. Og så vart gutane invitert i enda eit selskap til ei jente som blir 3 år.
Kortet er laga av mørk grøn Bazzill kartong. Bakgrunnen her er laga av to mønsterark. Det til høgre er BasicGrey, det andre veit eg ikkje... Bildet har eg funne på internett, og printa ut på bazzill. Heklablomster er frå Heklesjappa, nåla har eg tredd nokre ekstra perler på. Ellers har eg brukt litt av ei perlesnor, ei fjør, to splittbinderser og ein L frå ein klesmerkelapp.
Innsida er slik:

fredag 9. januar 2009
Eg fann ein skatt !!!
Husker de etterlysninga mi 28 nov. 2008?
Eg ville så gjerne ha tak i ein "Egermaier's Barne Bibel" på norsk.
Eg fekk dessverre ingen hjelp via internett...
Som mange av dykk veit, så driv vi å pakkar for å flytte. Det er bra å få kikke igjennom det man har. Ein del blir kasta, ein del gitt vekk, og mykje pakka. I går var eg innom ein bruktbutikk for å sjå om dei ville ta imot litt varer. Eg fekk levert ganske mykje! Gutane, som var med, ville kjøpe brukte Donald blad. Så eg og kikka meg litt om. Og gjett kva eg fann????
Oppe på ei hylle, høgt oppe, blandt massevis av bøker såg eg noko lyseblått!
Det var Bibelen de ser på bildet under:
Gjett om eg vart GLAD!
Det var som å finne ein dyrebar skatt! Og da vi skulle betale skulle dei ikkje ha meir enn 20,- kroner for den! Eg sa at den er no verdt 1000,-
Vil vise fram nokre fleire av dei flotte bilda i Barne Bibelen.
Kong David sitt møte med Mefiboset, Jonathan sin son som var lam.
Jesus og barna:

søndag 4. januar 2009
I dagslys...
lørdag 3. januar 2009
Sukkersött utfordring #22 Skisse #6
Tenk at eg som har pakka ned alt hobbyutstyret mitt skulle få til å lage eit kort i kveld...
Eg hadde dette motivet ferdig mala, og så fann eg ein tag her, to blomstrar der, hjarter og splittbinders... og klarte å få tak i to små stempel. Tapen hadde eg ikkje pakka, og H'en var lett tilgjengelig.
Gutana vart invitert i 4års selskap til ei jente på torsdag, og så såg eg at eg kunne bruke skissa på utfordringa på Sukkersött bloggen. Så eg fekk "slått to fluger i ein smekk".
Eit lite detalj bilde.
Fargane kom ikkje heilt fram pga av lampelys... Kortet er mosegrønt.
Eg hadde dette motivet ferdig mala, og så fann eg ein tag her, to blomstrar der, hjarter og splittbinders... og klarte å få tak i to små stempel. Tapen hadde eg ikkje pakka, og H'en var lett tilgjengelig.
Gutana vart invitert i 4års selskap til ei jente på torsdag, og så såg eg at eg kunne bruke skissa på utfordringa på Sukkersött bloggen. Så eg fekk "slått to fluger i ein smekk".

fredag 2. januar 2009
Tilbake til kvardagen
Abonner på:
Innlegg (Atom)