
Her er ei oppskrift som er både enkel og god!
(Synes eg iallefall)
PLOMMEDRØM
til 6-8 personer
750 g plommer
60 g sukker
LOKK:
185 g hvelemel
1 ts bakepulver
60 g sukker
125 g smør, i terninger
1 egg
1 1/4 dl helmelk
Melis, til pynt (obs, det har eg visst gløymt når eg har laga denne...)
1. Forvarm ovnen til 180 C. Smør eit ildfast fat (2 l). Skjær plommene i fire og kast stinene (he, he. litt logisk kanskje - om du ikkje vil prøve å dyrke fram nye plommetre da...)
2. Ha plommene i ein kjele med sukker og 1ss vatn. Rør over svak varme i 5 min til sukkeret er oppløyst og frukta begynner å bli mjuk. Ha plommene i fatet. (Eg har hatt i litt maisenamel for å gjere det litt tjukkare, dersom plommene avgir mykje saft).
3. Sikt melet ned i ein bolle, tilsett sukker og rør. Gni smøret i med fingertuppane til det blir ei smulete masse. Bland egg og melk og pisk det glatt. Rør det inn i melblandinga.
4. Ha store skjeifuller av blandinga over plommene. Steikast i 30-40 min til deigen er gyllen og gjennomsteikt. Dryss med melis ved servering.
Eg har servert denne med vaniljeis, eller med vanilje krem.

Til slutt ei nydelig rose som eg fann i hage. Den er lakse-rosa, og stor, og nydelig!
