tirsdag 26. oktober 2010

indiana Jones kort - som ikkje vil stå rett veg...

1.klassingen vår var i bursdagsselskap for nokre dagar sidan. Han hadde med seg dette bursdagskortet til bursdagsbarnet.
Av ein eller anna grunn vil ikkje dette bildet stå den rette vegen... No har eg prøvd å snu på det fleire gongar, og no får det berre ligge på sida.... Det er veldig likt eit anna kort eg nettopp har blogga. Men nokre detaljar er annaleis. For eksempel spindelveven som er stempla på....
Her er eit anna kort, som vart nesten for enkelt... Kanskje tek eg det att ein dag eg er inspirert og pynter litt meir på kortet.... Motivet er eit stempel kjøpt på Joanna Sheen og fargelagt med ProMarkers (kjøpt på samme butikk)

1 kommentar:

Fjordheim sa...

Koselige kort å ha med seg til en bursdag
Håper alt går bra med den lille prinsessen og resten av familien.
Ha ei riktig god helg :)