I dag tok gutane og eg oss ein tur ut i Snikkerboden, eller hobbyrommet, som vi kaller det. Vi leita litt i vedsekkane og fann eit par passende fjøler. Så var det fram med sag og hammer.
Resultater etter litt arbeid vart slik:
Mr.4år sin båt:

Mr.6år sin båt (Han har akkurat hatt bursdag!!!)

Så la vi i vei mot "Søyla" - ein dam på fjellet der eg også leika mykje som barn.

Mr.6år er framme ved målet - Søyla. Utsikta er flott der! Det var kald vind i dag. Gleder oss til å leike der i sommer - og varme dager.

Så vart båtane sjøsatt. Dei flaut rett vei, og ganske beint. Så vi var fornøgde :-)

Gutane seilte ivrig, men vi vart ikkje så lenge. Begge to har hatt ei stygg hoste, og feber nettopp så vi kunne ikkje ta nokon sjanse på å få det tilbake. I morga skal vi ha familieselskap for å feire 6 åringen vår...