mandag 30. april 2012

konfirmant kort og M&M kjeks

Det var konfirmasjonshelg på øya.
Her er eit kort til ein flott konfirmant. 
 Lomme med pengegave i inne i kortet.
Eg laga to pyrmidekort også, men gløymte å ta bilde...
Laurdag bakte vi kjeks.
Fekk M&M's med svigerinna mi, som reiser til usa i morgen saman med familien sin,
og dermed kan ho få tak i nye.
Snille ho.
Så da baka vi Det søte Liv sine M&M kjeks.
Takk for besøket
og legg gjerne igjen ei helsing ;-)

søndag 22. april 2012

Pink, for a lady

Så koselig å bli invitert i "dame-lag"
Når det er til eit bursdagsbarn, må man ha med gave og kort...
 Det vart eit "pink card" denne gongen.
Motivet er frå eit ark eg fekk frå svigerinna mi, med mange slike små bilder på.
Pynta med blomster og rosa bling-bling.
 Samme bildet inne i kortet - i mindre format.
Må ha med "signaturen" min bakpå - mARTe

søndag 15. april 2012

eit lite livsteikn - og dagens bursdagskort...

Vi nyt at våren er her.
Vi hadde faktisk meir snø i påska enn på heile vinteren.
Eg var så glad det snøa, og ikkje regna.
Ungane var mykje ute og leika seg, og hadde det supert!
No er snøen vekk, og vi FRYDER oss over VÅREN!
 Her er eit lite kort som vart gjort ferdig i dag...
Ikkje heilt topp farger på bildet her, men, men...
Eg har ikkje vore så ivrig på kortlaging i det siste -
grunnen til det er at eg har begynt å sy :-)

Ha ein flott VÅR!

mandag 2. april 2012

link til forklekjolene

Lyst å sjå alle forklekjolane eg har lagt ut for salg?
Sjå her:
http://www.facebook.com/#!/designby.mARTe

mandag 26. mars 2012

Forklekjole # 1

Forklekjole # 1
Str. 74-80 (1år) 
Den er tosidig.
Lys rosa, med eit lite "elsket" merke nede på venstre kant.
 Små blomstra på andre sida.
Til salgs for 200,- kroner
Ta kontakt om du er interessert.

tirsdag 13. mars 2012

torsdag 8. mars 2012

Bursdagskaka til Storebror's 9 års dag

Allerede i november, da lillebror feira 7års dag, sa storebror at han ville ha onkel Skrues pengebinge som bursdagskake.
Vi er så heldige i år at lillebroren min med kone bor i nærheten.
Tante Anne kom og hjalp meg å lage kake.
Ho er kunstneren bak Skrue, og kr-skiltet, og advarsel-skilta.
Resten er eit samareid.
 Bingen er laga av Finsk sjokoladekake - ei brownie-kake.
Kledd med eit lag smørkrem, og marsipan.
Alle detaljer er av marsipan (eller papir :-) )
 Tante Anne var flink å lage svart av grønn, blå, rød og gul farge!
 Daudbilbakken er ei sjokoladekake steikt i randform.
Midt inne i den stod det eit glass fylt med gullpenger ;-)
Glasset hjalp å holde bingen, som var ganske tung.
 Daudbilbakken er dekt med smørkrem og farga sukker.
Advarsel-skilt hører med.
Heldigvis skremte det ikkje gjestane frå å ete kake.
 3. klasse gutane beundra kaka. Fleire ville gjerne ete onkel Skrue, men han måtte få sitte på pengebingen sin til den blir heilt oppspist.
Det blir nok bursdagbarnet som får æren av å ete den...
Vi kunne ikkje ha 9 lys på Skrue-kaka.
Så dei satte vi på isen :-)
Vi serverte også skumkake i muffinsformer, og barna fekk lage seg fruktspyd.
Mannen min laga ei nydelig bær-gele-vaniljekrem-kake.