mandag 21. februar 2011

Sukkersötts utfordrin

Har laga eit kort til Sukkersött's utfordring denne veka.
Den lyder slik: Blonder, perler og blomster.
Her er kortet eg har laga (håper det blir godtatt at det er blonder på pyntearket eg har brukt..)

tirsdag 15. februar 2011

Tirsdag....

Hei alle sammen :-)
1. klassingen vår vart invitert i bursdag til ei jente i klassa. Sporty foreldre som inviterer heile klassa! Det var kjekt å lage eit jentekort!
Motivet er farga med pro-markers, T'en er kjøpt på foto-butikk, Bling frå ein nett butikk, og blondene var pakkeband på ei gave vi fekk ein gong :-)
Ein av orkideane mine driv og slepp blomstrane...
Fann ut at eg kan ha glede av dei lenger - fann fram ein telysestake som passa godt i størrelse.
Vakre blomster!

søndag 6. februar 2011

Ein ikkje-typisk-søndagsmiddag...

Her er søndagens middag:
Salat med pastaskruer,isbergsalat, rød paprika, agurk, mais, kalkun, fetaost og rista solsikkekjerner - det var det vi hadde tilgjengelig på kjøkkenet i dag...
Faktisk første gang eg rister solsikkekjerner på tørr steikepanne... Men ein gang må no vere den første ;-)
Fetaosten var med pesto, og det syntest ikkje gutane såg så godt ut. Så istaden for å blande pestoen i salaten og "ødelegge" den for gutta, så serverte eg den ved siden av....
De elsker fetaost, men pesto var nok ikkje heilt deira greie... Neste gang kjøper eg den med soltørka tomat i, for den likte dei godt ;-)

lørdag 5. februar 2011

grove baguetter

Veldig greit når mannen i huset finner fram oppskrifter og setter i gang å bake!Han lagde deiga, eg fekk æren av å bake ut baguettene, og han steikte dei. Fint samarbein ;)

søndag 30. januar 2011

Søndag....

Kjøpte denne nydelige hortensiaen tirsdag. Ein nydelig blomster, som vitner om at våren kjem.... Har satt meg eit må om å prøve å gjere søndagen litt meir spesiell. Ein av tinga eg vil gjere er å legge duk - helst kvit duk - på kjøkkenbordet. Og å bruke fine kopper istaden for kvardagskopper...
Glimt frå dagens frokostbord:
Prinsessa vår med kjole frå ei grandtante.
Og strikka sko frå mormor.




mandag 17. januar 2011

kort og tekno....

Bursdagkort, dei første av året 2011. Ikkje så avanserte, ikkje så mykje stæsj..
Gutane fekk teknolego i julegåve.
Gjett kven som har kost seg med å bygge?

torsdag 13. januar 2011

Bilder og bilder av bilder

Leika litt med kameraet i går. Har veldig lite peilig på alt man kan gjere med det. (trur eg må få eit lite kurs med bror min igjen...)
Synes dette bildet av min nyaste orkide var bra.

Ein liten kvit orkide som eg kjøpte inn til jula 2009. Den blomstra igjen på seinsommaren, og jammen kom det ikkje nye blomster igjen om på nyåret. Søtaste jenta vår!!! <3
Fann ei teikning da eg rydda på gutterommet. Den måtte få plass på bloggen. Det er storeguten, som bli 8 år i mars, som har teikna roboter.
Ein artig sak: Eg hadde satt den ferdig-blomstra amaryllisen på "grov-kjøkkenet" på veg til boss.. Da eg skulle kaste den, oppdaga eg ei lita spire i krukka... Ein eller annan (mest sansynleg storeguten) har putta eit frø oppi her. Han sat og åt nokre solsikkefrø frå ein pose eg har til å ha i bakst, så det kan vere frå den.... Men kan dei spire? (i så fall er det mykje billigare enn å kjøpe frøposar...)
Blir spennende å sjå kva det blir av dette...