torsdag 13. september 2012

Ein liten "makeover"

Eine genseren til sønnen min hadde nokre flekkar som ikkje gjekk vekk i vask.
Kjedelig, sidan han likte genseren godt.
Istaden for å kassere den
tok eg fram tekstilmaling og sjablong.
Stjerner og initialer...
skjuler flekkane.
 Guten vart fornøgd! 

fredag 7. september 2012

Pulsvarmere til svigermor

Eg har strikka ein del slike pulsvarmere iløpet av dei siste åra.
Dei første eg strikka hadde små perler på.
For ca 1 år sidan fann eg desse større perlene.
Dei var lettere å tre på tråden.
 Eg bruker babyull.
Dei varmer godt på ein kald dag.


fredag 24. august 2012

Guttekort - M

Skulen har begynt,
og med det bursdagsfeiringer...
 I dag vart det eit bursdagskort i grønt og lyseblått.
 Her er litt detaljer.

tirsdag 21. august 2012

Det er så gøy å sy!!!

Har sydd litt igjen.
Miriam veks og treng større bukser.
Eg hadde fått ei dongeriskjorte med deilig mjukt stoff,
som eg visste måtte bli til ei bukse.
Og det vart den!
Kjempe gøy med redesign!

Vil du sjå fleire bilder kan du kikke på:

onsdag 15. august 2012

eit par kort

Har laget eit par kort til eit par søte bursdagsjenter.
Først eit enkelt kort der motivet er fargelagt med ProMarkers.
 Til navnet har eg brukt bokstav-klistermerker.
Og hjertet er ein splittbinders.
 Neste kort i duse farger.
Har brukt akvarellblyantene mine på motivet.
Kortet var til Miriam si lille venninne som vart 2 år.
Om nokre år går dei kanskje på shopping ilag :-)
 Fargane på kortet vart valgt for å matche bursdagsgaven.
Det var ei bukse som eg sydde.
Bilder av den kan du sjå på:

søndag 5. august 2012

Guttebaby kort, og frøken med vesker...

Eg har blitt grandtante for andre gong!
Det er ikkje til å tru, men sånn er det, og koselig er det også.
Sjølv om at babyen bor mange mil herifrå,
og vi har enda ikkje fått helse på han.
 Håper eg klarer å få sendt dette kortet og denne gava snart..
Får ta ein tur på posten i morga.
Eit enkelt kort,
farga med kun ein farge...
Og med eit lite stempeltrykk av to hjerter.
 Tar med eit bilde av lillemor, som har blitt så stor!
Ho liker godt vesker,
og sko,
og har fått seg kåpe til hausten.
Mangler berre støvletter no...
Kvifor bere berre ei veske,
når man kan få med seg to?

lørdag 21. juli 2012

Nokre glimt frå sommerturen vår...

I år gjekk turen til Danmark.
Det er deilig å vere norsk i Danmark - skulla gjerne vore der lengre!
Vi kjørte til Oslo,
og reiste med StenaLine til Fredrikshavn.
På båten fekk Miriam møte Nysgjerrige Nils.
 Vi bodde i Ringkøbing.
Hotellet hadde svømmebasseng - noko som gutane var svært glade for.
Bassenget var 0,9m over alt - perfekt for 7 og 9 åringer.
Gutane bada, og bada, og bada, og bada...
Det var så vidt vi fekk dei med ut på andre opplevelser.

Legoland var eit av hovudmåla for turen.
Flott park!
Den var svært stor, og der var mykje å oppleve for både liten, større og stor.

 Vi kjørte ein tur til Hvide Sande og gjekk tur på stranda.
Vi plukka med oss mange finne, glatte steiner.
Turen vart avslutta med ein dag og ei overnatting på
Hotell The Reef i Fredrikshavn.
Der har dei eit fott badeland.
Det er laga til som ei Karibisk øy.
Der var mange store og små basseng, og ei kjempegøy vannsklie.
Hadde godt kunna vore der ein eller to dager til!
Kanskje reiser vi tilbake....

No håper og håper vi på litt sommer heime også.
Hadde ei overnatting i seilbåten i går.
Blir nok nokre til iløpet av sommer - sol eller ikkje sol...