lørdag 16. juni 2012

sydd, klipt og limt, pakka inn...

Lillesøster har fått seg sommerbukse
sydd av mamma :-)
Den har strekk i livet, og nederst på føttene.
Og eit band til å knyte framme, til pynt.
Nederst på føttene er det også ein knapp til pynt.
 Ein tøff gut, som eg og mannen min er fadder til, har fylt 5år.
Kortet er klart:
 Og pakken også.
Så neste gang vi møtes.............

mandag 11. juni 2012

Lille søster har fått sommertopp

Eg har sydd sommertopp til jenta mi.
Re-design - dette har vore ei herre skjorte ein gong.
 Ikkje heilt perfekt.
Får justere mønsteret litt til neste sommertopp.
Det blir kanskje sydd på ein blondekant nede på toppen etterkvart....

torsdag 7. juni 2012

sitronkake, og tegning...

Deilig sitronkake.
Meiner å huske den var italiensk.
Fann ikkje igjen oppskrifta på nett no, men har heldigvis skreve den den.
Skal servere ei slik i morga - da får vi to småjenter og to mødre på besøk.
 Miriam 1år og 8 mnd liker å tegne.
Storebrødrene oppdaga at ho hadde tegna eit ansikt :-)
 Ho er flink å holde blyanten rett også!

tirsdag 22. mai 2012

After Eight boks til mann

Vil vere med på Papirdokkene si
utfordring # 27
"Andre former"
med denne after eight boksen.
 Den er laga til ein kjekk mann
som fyllte 50 år.
 Prøvde å gjenspeile litt av det eg trur han
liker/er flink til.
Båtliv - med motivet eg har brukt,
Data, som han nok bruker ein heil del på jobben - med laptop-charm'en
og praktisk arbeid, dei har ein flott heim og flott hage - med drill-charm'en.
Om eg traff blink veit han, og kona, bedre enn meg ;-)
 Eit par røffe stjerner med knapp på, dekorerer toppen, og baksida.
 Som hjelp mot dårlig samvittighet, som nokre kan føle ein snev av
når dei åpner ei eske sjokolade for å forsyne seg -
KOS DEG!
er budskapet på undersida av lokket.
Inni boksen, på toppen av sjokoladane,
låg eit lite kort med helsing frå
tre par som var med på gava.
Han fekk ein pose full av heimelaga saft og sylte frå
Synnes DA,
som har utsalg på Joker Vikane på Vigra.

Litt reklame her :-)

Ha ein god dag, og nyt sol og varme!

fredag 11. mai 2012

Vårblomster, pyramide kort, rose...

Våren ER her.
Sjølv om det regner og bles ute i kveld,
så har vi også hatt fine dager.
Torsdag gjekk storeguten min tur saman med morfar.
Han kom tilbake med ein vakker bukett kusymre.
Ein av favorittane mine no om våren!
 Eit av årets konfirmantkort.
Til ein gut som er på veg inn i dei voksnes rekker...
Kortet med fiskerane låg inne i pyramiden,
saman med litt penger.
 Oppdaga roser til 29,90 på Rema.
Kanskje ikkje beste kvaliteten,
men dei gleder meg der dei pynter opp likevel!
så lenge det varer....
Minner til slutt om GiveAway'en på

fredag 4. mai 2012

Give away

Eg har give-away på den andre bloggen min
design by mARTe

Klikk HER for å sjå på den,
og få lodd.
Kanskje det blir du som vinner!

tirsdag 1. mai 2012

Non Stop!

Bakte deilige
NonStop Cookies i kveld.
Oppskrifta har eg fått frå svigerinna mi.

NON STOP COOKIES

125 g smør
3 dl sukker
2 egg
2 ts vaniljesukker
4 1/2 dl hvetemel
1 dl kakao
1 ts bakepulver
1 ts salt
NonStop (eller M&M's, som eg har brukt her)

Rør smør og sukker kvitt.
Rør i egga.
Bland det tørre og ha i.
Pynt med NonStop på toppen av kjeksa, som du set på steikeplate med skei.

175 grader C
10-15 min.

Kos deg!