lørdag 4. september 2010

7åringen har fotografert...

Det er ein nydeleg laurdagsmorgon på Sunnmøre. Sol frå skyfri himmel. Må klippe plen, og plukke litt plommer i hagen i dag... Inne har gutane laga til dramatikk!
To flotte London drosjer har kræsja!!!!!
Hjul fauk til alle kanter....
Heldigvis ingen mennesker involvert ;-)




søndag 22. august 2010

litt å sjå på på ein regnvêrsdag...

Lenge sidan sist blogginnlegg her....
Her kjem eit bursdagskort, det er til ei jente som vart 7 år (sjølv om det vart eit blått kort...)Motivet har eg trykt opp hos søstra mi, som fekk stempelet i bursdagsgave frå meg :-)
Det er kjøpt på ein engelsk nettbutikk, Joanna Sheen.
Eg har farga det med ProMarkers. Pynta med blomster og charms. Eit ganske enkelt kort, egentlig... Inni er ein muffins :-)
Storebror var invitert i guttebursdag, og ein tidleg morgon hadde han stått opp og fixa kort sjølv. Eg synes det vart kjmpeflott!
Det er Indiana Jones.
Slik var det inni: Og baksida:
Torsdag 19.august var ein stor dag for lillebror. Han vart skulegut!
Det gjekk svært bra.
Og storebror, som har blitt 2.klassing, har blitt så stor at han får lov til å klippe plenen med plenklipper traktoren! Pappa må vere med og passe på.....

lørdag 17. juli 2010

Kort sjakk....

Bursdagskort til ein skjønn gut som vart 3 år for litt sidan. Han er ein gut med fart i, og dette motivet passa perfekt til han.... Motivet er Mo's digital pencil. Har farga det med promarkers. Vart berre litt splittbindersverktøy til pynt, hadde ikkje så god tid da eg laga til kortet...For eit par veker sidan var gutane og eg på besøk hos søstra mi og familien. Ein kveld, etter leggetid, lærte 8 åringen deira 7 åringen vår å spele sjakk. Vi fann brikker i kjelleren da vi kom heim, og teikna opp brett på ein ark....Storebror prøvde å lære lillebror å spele.... Trur ikkje han fekk med seg alt... Men vi får prøve igjen. Dette er eit flott spel! Mykje bedre enn å sitte å glo i ein skjerm....

onsdag 14. juli 2010

Kort/Cards

Bursdagskort til min kjære pappa. Bildet er frå ein kalender med veteranbiler.Innsida av kortet.Baksida. Kort til ei nabodame.
Eit jentekort.

torsdag 8. juli 2010

litt forskjellig

Dette kortet vart laga på bestilling, og er eit kondolansekort. Ein av lampefotane som eg fann på loftet her. Den var i blank messing. Etter ein omgang med malingssprayen vart den slik:
Lampeskjermen satt ikkje rett på, men trur det kan ordnast... Dersom ikkje får den få ein annan skjerm....Har du/dere prøvd dette? 2 eller 3 teikner. Førstemann tegner hovudet, og bretter bak, slik at nestemann ikkje ser kva som er tegna. Nestemann tegner kropp, og bretter bak. Sistemann tegner føter. Så åpner mann opp og ser korleis det vart.Dette holdt vi på med når vi var små, og gutane mine liker det også :-) Ønsker dokke alle ein god sommer videre.
Håper på varmere vêr!!!!

onsdag 16. juni 2010

Kort, kort, kort...

Eit bursdagskort til ei skjønn jente som vart 3 år. Hadde ikkje planlagt at det skulle bli SÅ mykje pynt på.. Men det eine drog med seg det andre... Motivet er fråTilda, og er farga med ProMarkers. Eg hadde ikkje blomster i akkurat rette farger, men eg farga dei også med ProMarkers, så dei stod i stil.
Mora til 3 åringen hadde også nettopp bursdag. Eit litt meir voksent og kvinnelig kort til ho :-) Her har eg farga skoa også med ProMarker. Og pynta med blomster og litt stæsj.. Til slutt bursdagskort til ei skjønn jente som vart 4 år. Farga motivet med ProMarkers her også...

søndag 6. juni 2010

Bål, pinnebrød, s'mores og krabbeleiting i fjøra.

Laurdag var 3 mødre og 6 barn i fjøra og kosa oss.Vi tente bål av ved vi fann...Og grilla pinnebrød og marsmellows...Av marsmellows'ane laga vi s'mores. Ein amerikansk delikatesse! Du tar eit Marie kjeks, legg på ein grilla marsmellows og ein sjokolade bit, og så eit Marie kjeks på toppen! Nam, nam!Etter grillkos gjekk barna på krabbeleiting. Veldig spennande å leite under tang og tare og steinar. Dei fann 17 krabbar.Her er ein av dei :-)Og "A baby snail" Ein herlig fjøretur. Sol og litt vind... Håper på enda meir sol og høgare temperaturar....