I går kveld var eg ein av dei heldige som fekk delta på ein babyshower.
Det er andre gangen eg er med på dette.
Det var koselig.
Den gravide (som skal føde om ca 3 veker)
vart overraska, og glad.
Eg og ei til av damene laga bleiekake.
Den er laga av
1pk nyfødt bleier
1pk bleier str. 2
masse gummistrikk
tre grillpinner
sløyfebånd
bamse (høne)
smikke
to smukker
vimpelrekke
Vimpelrekka laga eg ved å
skjere ut vimpler i kartong,
som eg stempla bokstavane på,
og farga rundt kanten med stempelputa,
og til slutt sydde eg dei fast på litt søyfebånd.
Knytte vimpelrekka fast i båndet som var rundt kaka.
Vi pakka kaka inn i celofan og bånd.
Her er ein av smukkane vi festa på kaka.
Når babygutten kjem,
er det berre å sprette kaka :-)
Om du vil sjå gava eg gav til mor og barn,
kan du kikke HER