torsdag 9. februar 2012

Nokre småting...

Eit par kort..
Det har gått i enkle kort i det siste - som ikkje tar for lang tid å lage...
 I kveld laga eg noko som eg ikkje har laga sidan eg jobba på kjøkken i England.
Og det begynner å blir nokre år sidan...
POTATO BREAD.
Trur det er Irsk mat.
Hadde nokre poteter til overs etter dagens middag...
* 1 kopp moste poteter
* 1/4 kopp mel
* salt 
 Bland godt, og kjevle ut til ca 1/2 cm tjukk leiv.
Del opp i passe stykker.
Steik på steikepanna.
 Det fall i smak her.
Ein gut åt dei med sukker, vi andre hadde jordbærsylte på.
Ein ny ting som har komt til gards!
Eit El-piano.
Ikkje like bra som eit ekte piano, synst nok mange.
Men det har sine fordeler.
Man kan bruke høretelefoner!!!
Fritt fram å spele - slepp å gi resten av familien gnagsår i øyrene...
....ingen av oss er flinke, men vi liker å klonke litt på pianoet likevel...
 Og her er min nye venn :-)
Ei kjekk julegave, som blir mykje brukt!
 Til slutt; ein eldre modell....
Men "lokal" design - frå Vatne i Haram kommune, på 70 tallet, tenker eg..
Vi har fått tatt over 2 av desse flotte stolane!

1 kommentar:

eba sa...

her var det mye gøy! Koselig å se innom deg igjen! Kreativ og positiv som alltid. PS det blir el-piano her i huset også snart... (les 14. feb :D) Klem