Gutane er heilt klare for 1. pakke i morga.

hjemme best
I morga skal vi tenne 1. lys!
I går var det nest sist samling på Yngstes. (Siste samling er ei stor felles samling for alle tre gruppene, med foreldre, besteforeldre....). Barna fekk lage kvar sin juledekorasjon - i ein maisboks. Dei var så flinke! Dei fekk utdelt grønt, greiner, kongler, sopp, bær, sløyfe, og så laga dei til "skilt" med teksten; OSS ER EIN EVIG FRELSER FØDT.
Eit anna prosjekt: Vi kjøpte desse to lampene på ein bruktbutikk, og skal lage ei lampe av dei. Den messingfarga lampa har blitt spraya svart, det vart vakkert. Skal legge ut bilder når prosjektet er heilt ferdig - følg med, følg med...
Eit glimt av eine veggen i hallen i kjelleren. Den er flott. No står det eit gammalt, kvitt (og falskt) piano ved veggen og pynter opp. Bildet av det kjem etterkvart....
På allroom'et har vi eit lite vindu oppe på eine veggen. Vi hadde ikkje bodd her mange dager før 5åringen satt i vinduskarmen. Tanta, som bodde her som lita, sa at ho hadde aldri sett ein unge i det vinduet før.... Eg sa at om eg hadde vokse opp her, så hadde eg også heilt sikkert klatra opp der (Pappa trudde det han også).
Han laga enda eit kort i kveld. Det er til ho som var barnevakt for oss der vi bodde før. Ho har også bursdag på laurdag.
Panduro stempel av gutt med fotball. Fugelen husker eg ikkje kven som har produsert... eit QK hjerte, ein liten blomst og to eyelets med splittbinderser i midten.
Og signatur bakpå.
Og så har vi no hatt bursdagsfeiring her i huset også. Det vart ei veke på etterskudd, fordi storebror hadde vannkopper.... Barneselskap laurdag, og familieselskap søndag. Og.... natt til mandag oppdaga vi at 5åringen hadde begynt å få vannkopper han også. Godt han rakk å ha selskap først!
Stempela eg har brukt er frå Panduro. Eg har malt dei med disstress.
Her er eit lite glimt av farsdags kortet min pappa fekk. Trudde eg hadde tatt fleire bilder... men da må dei ha blitt borte... Har farga stempelet med gutanes tursjer. Det skal forestille ein som dyrker poteter, for det har pappa gjort ;-) Kortet er egentlig ei lita eske, laga av ein sirkel.
........Fjordheim!
Eg vart skikkeleg imponert - over god fantasi, flott skriving og ikkje minst teikningane. Øglebilen var utruleg bra! I 3D og greier! Blir spennende å følge med på teikningane hans i åra som kjem!
Lillebror har fått seg ein kjempeflott vest som mormor har strikka. Storebror har fått ein han òg, som er like flott. Tusen takk, mormor!
Pynta litt inni også...
Slik måtte signaturen bli: